SPENNENDE JOBBMULIGHET i Forskning, utdanning og vitenskap VED Vestlandsforsking!

Direktør for Vestlandsforsking

Søknadsfrist: 15.09.2021

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankring i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere banebrytande forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling og innovasjon.


Vi arbeider med forsking innan tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har 34 tilsette og ein årsomsetnad på rundt 38 millionar kroner.


Les meir om oss på vestforsk.no.

Direktør for Vestlandsforsking

Vi søkjer ein leiar som er strategisk, samlande og har god gjennomføringsevne til eit høgkompetent forskingsmiljø i sterk vekst. Du ser moglegheiter og utfordringar ved å leie eit marknadsorientert forskingsinstitutt på Vestlandet. Saman med styret og dyktige medarbeidarar vil du vidareutvikle Vestlandsforsking som eit regionalt forankra forskingsinstitutt på den nasjonale og internasjonale FoU-arenaen. Som direktør skal du fremme samarbeid og styrkje posisjonen til Vestlandsforsking i ei tid med stor merksemd rundt fagområda til instituttet. Du tek ansvar for at Vestlandsforsking held fram med å vere samfunnsrelevant og stimulerer til nytenking, fagleg utvikling og gode samarbeidsrelasjonar til institutt- og UH-sektoren og til samfunnet elles.

Kvalifikasjonar og erfaring:

  • Høgare utdanning
  • Forskingserfaring frå relevante område er ynskjeleg
  • Leiarerfaring og solide leiareigenskapar
  • Kunnskap og erfaring frå instituttsektoren, kunnskapsorganisasjonar eller internasjonal utvikling
  • God formuleringsevne
  • God innsikt i norsk forskingspolitikk og relevante forskingsområde
  • Evne til å bygge nettverk og skape tillit både internt og eksternt
  • God innsikt i krava som blir stilt til økonomistyring og administrative tenester i ein kunnskapsorganisasjon
  • Kjennskap til finansieringsmekanismar og oppdragsforsking nasjonalt og internasjonalt
  • Kunnskap om digitalisering og innovasjon i bransjen
  • Flytande i eit skandinavisk språk og engelsk

Kva kan vi tilby?

  • Høve til å leie og vidareutvikle eit anerkjent forskingsinstitutt
  • Eit dynamisk kollegium med fokus på fagleg utvikling
  • Eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø med dedikerte og dyktige kollegaer
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd
  • Fleksible arbeidstider
  • Miljøfyrtårn-bedrift

Direktøren er dagleg leiar for Vestlandsforsking og rapporterer til styret. Den nye direktøren blir tilsett for ein åremålsperiode på seks år med høve til forlenging. Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Korleis søkjer du?

  • Søknadsfrist: 15. september 2021
  • Spørsmål om stillinga kan rettast til Jefferson Wells v/Hege Solbakken +47 911 04 141, Charlotte Hageberg +47 993 31 312 og Anette Hansen +47 900 80 079

Referansenummer: 23003

Søk på stillingen

Rekrutterer:

Powered by Labrador CMS