Ledig stilling ved Diku

Rådgivar / seniorrådgivar - kvalitet i høgare utdanning

Søknadsfrist: 10.11.2019

Om stillinga

Diku har ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar/seniorrådgivar, for tida ved Seksjon for utdanning og forsking. Kontorstad er Bergen. Tiltreding etter nærmare avtale.

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har om lag 130 tilsette med hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

Seksjon for utdanning og forsking har i dag 14 fast tilsette og er knytt til Avdeling for kunnskap og læring. Seksjonen si verksemd omfattar mellom anna verkemiddel for kvalitetsutvikling i høgare utdanning, koplingar mellom utdanning og forsking, og internasjonalt samarbeid og mobilitet. Stillinga er knytt til Diku sine satsingar for kvalitet i høgare utdanning, som prestisjeordninga Senter for framifrå utdanning (SFU).

Vi søkjer ein kandidat som er analytisk, systematisk, initiativrik og utviklingsretta, og som både er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Kandidaten må ha god rolleforståing og gode evner til kommunikasjon og formidling. Den som vert tilsett må kunne representere Diku i ulike fora. Vi legg særleg vekt på at kandidaten er godt eigna og motivert for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • fagleg og kunnskapsbasert utviklingsarbeid
  • programforvalting, mellom anna rapportering, søknadshandsaming og rådgjeving
  • oppfølging av senter/prosjekt som får støtte frå Diku
  • samarbeid med aktørar i og utanfor Noreg
  • analyse, formidling og resultatspreiing
  • anna administrativt arbeid

Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • høgare utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse, helst innan utdanningsvitskap eller andre relevante fagområde
  • relevant arbeidserfaring
  • kompetanse på kvalitetsarbeid i høgare utdanning
  • god kjennskap til norsk høgare utdanningssektor
  • særs gode engelsk-/norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring frå prosjektleiing og programadministrasjon
  • erfaring frå analysearbeid
  • kunnskap om internasjonalt utdanningssamarbeid og mobilitet
  • erfaring frå offentleg forvaltning

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generelt

Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert løna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 532 300 – kr 667 200, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Jon Gunnar Mølstre Simonsen på tlf. 412 70 290

Vidare kan ein vende seg til HR-rådgivar Anette Stevnebø på tlf. 414 45 511, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen