Stilling:

Førstekonsulent

Søknadsfrist 24.03.2019

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er


Kunnskapsdepartementet og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 120 tilsette og har hovudkontor i Bergen, samt virke i Tromsø.

Om stillinga

Diku søkjer ein førstekonsulent i fast 100 % stilling i Seksjon for skole og profesjonsutvikling, med Bergen som arbeidsstad. Tiltreding etter nærmare avtale.

Diku administrerer ei rekkje program for kvalitetsutvikling og internasjonalt samarbeid på vegne av ulike oppdragsgjevarar, og skal bidra til styrkte internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet. Seksjon for skole og profesjonsutvikling har i dag 16 fast tilsette og er knytt til Avdeling for kunnskap og læring. Seksjonen si verksemd omfattar verkemiddel som skal bidra til å utvikle barnehage, skule, vaksenopplæring og lærarutdanningane. Seksjonen har òg ansvar for individuell rekruttering av elevar og studentar til studiar i utlandet

Arbeidsoppgåvene vil være knytt til forvaltning av program og tiltak innan seksjonens ansvarsområde, og spesielt Erasmus+ som er det største tiltaket i seksjonen.

Den vi søkjer er sjølvstendig, initiativrik, systematisk og serviceinnstilt. I tillegg må kandidaten ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi legg vekt på at personen er godt eigna og motivert for arbeidet. Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Arbeidsoppgåver

  • utlysing av midlar og gjennomføring av søknads- og rapporteringsrundar
  • oppfølging av prosjekt, informasjon, rettleiing og oppfølging av søkjarar
  • planlegging og gjennomføring av møter og seminar med ulike aktørar
  • bruk av våre administrative IKT-system vil vere sentralt

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning på bachelornivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • relevant arbeidserfaring
  • kjennskap til offentleg forvalting
  • kjennskap til utdanningssektoren
  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid
  • språkkunnskapar i andre framandspråk, som fransk og tysk

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø 
  • høve til opplæring og fagleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstidsordning 
  • gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • høve til trening i arbeidstida 

Generell informasjon

Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillingane vert løna som førstekonsulent (kode 1408) innanfor lønsspenn kr 421 700 - kr 505 800, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, samt hol i CV til å søkje jobb.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vart varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Kristin Amundsen, tlf. 95 84 19 33

Vidare kan ein òg vende seg til seniorrådgivar Irene Laumann Walde, tlf. 901 56 296, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen