Ledig stilling ved Diku

Trainee - stilling for personer med nedsett funksjonsevne (Avdeling for kommunikasjon)

Søknadsfrist: 15.08.2019

Er du vår nye trainee i Avdeling for kommunikasjon?

Om stillinga

Stillinga vert lyst ut gjennom traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Stillinga er eit engasjement som gjeld for 1,5 år og kan bli forlenga med inntil eit halvt år.

Diku

Diku skal bidra til å styrkje kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målgruppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 125 tilsette og har hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

Informasjon om programmet og kven som kan søkje finn du her. For å bli vurdert til stillinga må du ha sendt inn ei eigenerklæring på at du er i traineeprogrammet si målgruppe og har nedsett funksjonsevne. Eigenerklæringa finn du i e-posten du får ved innsendt søknad.

Avdeling for kommunikasjon i Diku har ni faste medarbeidarar og er leia av ein avdelingsdirektør. Avdelinga har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon i Diku, og har mellom anna ansvar for formidling, nettsider og marknadsføring av Diku sine program og ordningar. Avdelinga har og ansvar for å profilere Noreg som studie- og samarbeidsland mot utlandet. Vi søkjer ein skrivefør medarbeidar, som ønskjer å arbeide med innhaldsproduksjon og andre kommunikasjonsoppgåver i avdelinga. Den vi ser etter må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og ha gode samarbeidsevner.

Arbeidsoppgåver

  • bruke tekst, bilde og video til å lage innhald til Diku sine kommunikasjonskanalar, som nettsider, sosiale media, trykksaker og nyhendebrev
  • publisering av innhald i digitale kanalar
  • anna kommunikasjonsfagleg arbeid i avdelinga, som til dømes konferansar, messer og anna marknadsføringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse, helst innan
  • kommunikasjon/marknadsføring
  • erfaring frå kommunikasjonsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse
  • erfaring frå offentleg forvalting og kjennskap til norsk utdanningssektor er ein
  • fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • eit uformelt og inspirerande fag- og arbeidsmiljø
  • varierte og faglege utfordringar
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av omstillingar i Diku. Vi legg vekt på at søkjar er eigna og godt motivert for stillinga.

Stillinga vert lønna som rådgivar (kode 1434) innan lønspenn kr 513 600 - 594 400, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Diku er oppteken av mangfald og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folkesetnaden i samfunnet. Vi praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp regjeringa si inkluderingsdugnad. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere til å søkje jobb hos oss. Både søkjarar med arbeidserfaring og nyutdanna er aktuelle for stillinga. Diku legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Avdelingsdirektør Kristin Solheim, tlf. 932 28 573

Vidare kan ein vende seg til HR-leiar Tone B. Stiansen, tlf. 934 67 877, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversikt over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal sendast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen