Stilling:

Rådgivar/seniorrådgivar

Søknadsfrist 19. november 2018

Diku

Diku skal styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskapning, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer. Eieren vår er Kunnskapsdepartementet og målguppen er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 120 ansatte med kontorer i Bergen (hovedkontor) og Tromsø.

Diku har frå 01.01.19 ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i Seksjon for utdanning og digitalisering, med kontorstad i Tromsø.

Det er stor merksemd om bruk av digital teknologi i tilrettelegging for læring i høgare utdanning. Diku er ein nasjonal pådrivar for slik bruk, gjennom finansiering og oppfølging av utviklingsprosjekt, kunnskapsutvikling, kommunikasjon og rådgiving.

Vi søkjer ein kandidat som ønskjer å arbeide med digitalisering for kvalitet i høgare utdanning, og som kan tilføre verksemda pedagogisk kompetanse og analytisk kapasitet. Den vi ser etter må evne å arbeide sjølvstendig og nøyaktig, tenke analytisk samt ha gode evner til samarbeid og relasjonsbygging. Kandidaten må kunne representere Diku i ulike fora, og noko reising må påreknast. Vi legg særleg vekt på at kandidaten er godt eigna for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med utlysing, søknadsvurdering og oppfølging av utviklingsprosjekt ved lærestadene
  • Delta i nasjonale ekspertgruppar
  • Arbeid med utforming og gjennomføring av interne og eksterne prosjekt
  • Arbeid med ‘Digital tilstand’ og andre utgreiings- og analyseoppgåver
  • Arbeid med forvalting, rådgjeving, formidling og nettverksbygging
  • Styrke det pedagogiske og utdanningsfaglege perspektivet i Diku si verksemd og seksjonens arbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse, gjerne innan pedagogikk eller andre utdanningsvitskaplege fag som er relevante for seksjonens arbeidsområde
  • Kunnskap om digitalisering, herunder pedagogisk bruk av teknologi i høgare utdanning
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med gode samfunnsvitskaplege metodekunnskapar, medrekna statistisk analyse og bruk av statistikkverktøy
  • Ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning

Vi tilbyr

  • Eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • Høve til opplæring og fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Høve til trening i arbeidstida

Diku er IA-verksemd. Dei som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert lønna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innafor lønsspenn kr. 524 200 - kr. 658 300, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonsleiar Jon Lanestedt, tlf. 415 69 097. Vidare kan ein òg vende seg til personalsjef Tone Stiansen, tlf. 934 67 877, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via link på denne sida (Jobbnorge)

Powered by Labrador CMS