Prodekan for nyskaping og regional utvikling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretts
Søknadsfrist: 06.08.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 830 studentar og 545 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som prodekan for nyskaping og regional utvikling
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer prodekan for nyskaping og regional utvikling i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2026.
Fakultetet har tre prodekanar. Prodekan for nyskaping og regional utvikling vil ha eit overordna ansvar for å fremje nyskaping og styrke samspelet med samfunns- og arbeidsliv, inkludert å vidareutvikle partnarskapa.
I eininga til prodekan for nyskaping og regional utvikling inngår 6-10 medarbeidarar.
Det er venta at prodekan samarbeider tett med institutta og med dei andre prodekanane i fakultetet.
Som ansvarleg for effektiv utnytting av eininga sine ressursar, skal prodekan sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Prodekanen har òg ansvar for at forvaltingsoppgåvene vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Arbeidsstad er campus Bergen, Sogndal eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Posisjonere fakultetet som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for kvalitet og høg samhandling med vestlandsregionen og relevante nasjonale og internasjonale miljø
Ansvar for at tenestene vert utførte i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer for god forvaltning
Arbeide med å etablere/vidareutvikle gode samhandlingsordningar og partnarskap
Overordna ansvar for fakultetet sitt bidrag i system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule
Overordna ansvar for heilskapleg digitalisering og bruk av kunstig intelligens
Overordna ansvar for campusutvikling, nyskaping (innovasjon) og studentrekruttering i fakultetet
Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
Ansvarleg for at eininga sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av eininga sine ressursar
Ivareta personal- og HMS-ansvar for eininga sine tilsette
Fungere for dekan i dekan sitt fråvær (gjeld éin av prodekanane)
Prodekan kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga.
MyndeMynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sitt ansvarsområde
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi- og endringsarbeid blir vektlagt.
Generelle kompetansekrav:
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
Erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som fakultetet femnar om er ein føremon
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings- og utviklingsorientering
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prodekan er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474 - dekan.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
sVi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.