Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetsbibliotekar i juridiske fag og rettsvitskap

Søknadsfrist 14.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremjar open vitskap.

Universitetsbiblioteket er et offentlig vitenskapelig bibliotek. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket er det ledig ei fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte med arbeidsstad på Bibliotek for juridiske fag.

Arbeidsoppgåver:

  • Være kontaktperson for fagmiljøet.
  • Gi undervisnings- og forskingsstøtte i informasjonssøking og bruk av kunnskapskjelder.
  • Gi støtte og rettleiing i bruk av digital infrastruktur.
  • Samlingsutvikling.
  • Utvikle og formidle tenester.
  • Delta i utvikling av biblioteket som formidlingsarena.
  • Inngå i faggruppa for utdannings- og forskingsstøtte, og delta i verksemda elles.

Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum cand.jur eller mastergrad i rettsvitskap. Mastergrad innan andre relevante fag blir vurdert.
  • Kjennskap til forsking og forskingsmetodar blir vektlagt. Det er ein fordel med bakgrunn i rettsvitskapleg forsking.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og formidling blir vektlagt.
  • Engasjert og initiativrik, serviceorientert og med god gjennomføringsevne.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 52 - 67 (kode 1199/LR 25, alternativ 6-9) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 456 500 - kr. 597 000. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 8), løn etter lønssteg 64 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 64-72, for tida kr. 565 100 – kr. 657 900). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS