Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetsbibliotekar i digital humaniora og språkvitskap

Søknadsfrist: 02.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap.

Les meir om UB her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte med arbeidsstad på Bibliotek for humaniora.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utvikling av humanistisk infrastruktur ved UiB.
  • Være ein pådrivar i utvikling av aktivitetar og tenester innan digital humaniora, samt koordinere og formidle desse til dei aktuelle målgruppene.
  • Være med på å utvikle ein digital humaniora lab som ein samlande arena for forskarar, studentar og UBs personale for felles aktivitetar og tenester.
  • Gi rettleiing, undervisning og forskingsstøtte i bruk av biblioteket sine tenester, verktøy og ressursar spesielt knytt til digital humaniora.
  • Delta i utvikling, pleie, formidling og tilrettelegging av dei fysiske og digitale samlingane knytt til aktuelle fagområde.
  • Gi brukarstøtte og opplæring i handtering av forskingsdata og system for tekst- og språkdata ved UiB.
  • Delta i verksemda elles.

Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum mastergrad i nordiske fag eller språkvitskap. Utdanningsbakgrunn i andre språk kan og være aktuelt.
  • Erfaring med undervisning og formidling vert vektlagt.
  • Erfaring med feltet digital humaniora vert vektlagt.
  • Kjennskap til programmering, semantisk web (f. eks. RDF og Linked Open Data) og verktøy for datahandtering (f. eks. Git, OpenRefine) vert vektlagt.
  • Erfaring med prosjektarbeid vert vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.
  • Engasjert og initiativrik, service- og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons-, gjennomførings- og samarbeidsevner.

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 52-67 (kode 1199/LR 25, alternativ 6-9) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 463 600 – 605 100. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 8), løn etter lønssteg 64 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 64-72, for tida kr. 572 700 – 666 800). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS