Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Systembibliotekar / Utviklar

Søknadsfrist: 01.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100% stilling som systembibliotekar/utviklar (spesialbibliotekar, kode 1515). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for tilvekst og system, faggruppe for system.

Faggruppa for system jobbar med drift, konfigurasjon og vidareutvikling av biblioteksystema levert av Ex Libris som er tatt i bruk ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Vi søker ein engasjert, lærevillig og teknisk interessert medarbeidar som vil være med å sørge for at Universitetsbiblioteket leverer tenester av høg kvalitet internt på Universitetsbiblioteket og for våre brukarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Systemadministrator for biblioteksystema
  • Utnytte API'ane som biblioteksystema tilbyr for å lage digitale støtteverktøy/ -tenester
  • Identifisere automatiserbare rutineoppgåver og utvikle automatisering av desse
  • Analyse- og statistikkarbeid
  • Delta i verksemda elles

Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minst bachelorgrad eller tilsvarande i kombinasjon med relevant praksis og/eller spesialkompetanse tilpassa stillingas funksjonar. Det er ein fordel med bibliotek- og informasjonsstudiar eller informasjonsvitskap eller –teknologi i fagkrinsen. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast med relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Fordel med kjennskap til biblioteksystem i universitets- og høgskulesektoren
  • Gode IT-kunnskapar. Kjennskap til webutvikling (CSS, HTML, Javascript, mv.), databehandling og metadatastandardar er ein fordel.
  • Fordel med kjennskap til analyseverktøy som for eksempel Oracle
  • Fordel med erfaring frå arbeid med REST api'ar
  • Lærevillig med evne til å sette seg inn i dokumentasjon
  • Systematisk, sjølvstendig og kreativ, med god gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som spesialbibliotekar etter lønssteg 49 – 58 (kode 1515) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 441 900 – kr. 513 200. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Marion Mühlburger, tlf. 55 58 68 95, epost: marion.muhlburger@uib.no eller
  • Fagleg leiar Ellen Solvik, tlf. 55 58 25 27, epost: ellen.solvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS