LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar - Eining for forskingsstøtte (campus Førde)

Søknadsfrist: 18.01.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig ei fast 100 % stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar

Stillinga er knytt til biblioteket si eining for forskingsstøtte og rapporterar direkte til leiar for eininga. 

HVL har inngått avtale med Helse Førde om levering av bibliotektenester, og stillinga vil ha hovudansvaret for desse tenestene og vere kontaktperson mot Helse Førde. I tillegg vil stillinga ha arbeidsoppgåver knytt til rettleiing og opplæring av forskarar og tilsette ved HVL og Helse Førde i informasjonssøk og referansehandtering, med vekt på systematisk litteratursøk til kunnskapsoppsummeringar.

Arbeidsstad vil vere campus Førde. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. 

Stillingen vil medføre utstrakt samarbeid med fagmiljø både i Helse Førde og i HVL, samt innanfor høgskulebiblioteket.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og opplæring av forskarar og tilsette ved HVL og Helse Førde i informasjonssøk og referansehandtering
  • Ansvar for bibliotektenester til Helse Førde
  • Systematisk litteratursøk, med fokus på kunnskapsoversyn og oppsummert forsking
  • Brukarstøtte i og ansvar for system som Cristin, Brage/ HVL Open, etterkvart Nasjonalt vitenarkiv NVA, og Dataverse.no/HVL Open Research
  • Oppgåver knytt til kunstig intelligens og tenesteutvikling i biblioteket
  • Førstelinjeteneste
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetting i stilling som spesialbibliotekar; bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
  • For tilsetting i stilling som universitetsbibliotekar; utdanning på masternivå, fortrinnsvis med bibliotekfag i fagkretsen
  • God, oppdatert digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervising og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek
  • Kompetanse innan kunnskapsbasert praksis som arbeidsmetode innan helsefag, og erfaring med systematisk litteratursøk vil vere ein fordel

Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkande og initiativrik, fleksibel, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å både arbeide sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 spesialbibliotekar / 1199 universitetsbibliotekar, etter kvalifikasjonar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i handsaming av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Turid Bogetvedt Hitland, tlf: 920 65 730e-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no

2) Einingsleiar Therese Skarås Skagen, tlf: 55 58 56 46e-post: therese.skaras.skagen@hvl.no 

Søk stilling

Powered by Labrador CMS