Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Spesialbibliotekar / Universitetsbibliotekar

Søknadsfrist: 06.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar.

Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei 100% stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar.

Stillinga er knytt til biblioteket si eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga.

Arbeidsstad er campus Bergen, stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campus. Stillinga medfører utstrakt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking til kunnskapsbasert praksis, referansehandtering og akademisk skriving
  • Kontaktbibliotekar for sjukepleie og andre helse- og sosialfaglege utdanningar ved campus Bergen
  • Brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto
  • Opplæring i bruk av referansehandteringsverktøy, og støttefunksjonar knytt til desse
  • Ansvar for samlingsutvikling innan aktuelle fagområde
  • Skranketeneste
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Minimum bachelorgrad innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
  • Erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg, fortrinnsvis innan helsefag
  • Kompetanse innen kunnskapsbasert praksis som arbeidsmetode og erfaring med systematisk litteratursøk er ønskelig
  • God digital kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt

For tilsetting som universitetsbibliotekar krevst minimum mastergrad.

Personlege eigenskapar:

Vi søker etter ein fagleg engasjert helsebibliotekar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeida sjølvstendig og i team, og forutset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515-spesialbibliotekar / 1199 Universitetsbibliotekar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) avdelingsleiar Turid B. Hitland, 55 58 55 44

2) einingsleiar Gunnhild Austrheim, 55 58 56 69

Søk stilling