Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Postdoktorstilling
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er tilknytt det nasjonale Polhavet 2050 programmet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Omveltingssirkulasjonen i dei Nordiske hav og Arktis inneber at varmt overflatevatn som strøymer nordover blir omdanna til kaldt vatn. Dette kalde vatnet strøymer sørover i djupet og bidrar til den nedre greina av omveltingssirkulasjonen i Atlanterhavet (AMOC). Arktis er for tida i stor endring og nylege resultat har vist at dette kan føre til ei styrking av den arktiske omveltingssirkulasjonen. Verknadane av auka arktisk omvelting på den storskala sirkulasjonen i Atlanteren er likevel ikkje fastslått.
Den tilsette postdoktoren skal undersøkje korleis noverande og framtidige endringar i omveltingssirkulasjonen i Norskehavet og Arktis påverkar vannmassar og sirkulasjon i det subpolare Atlanterhavet. Postdoktoren vil nytta seg av tilgjengelege observasjonar, hav-reanalysar, og numeriske modellar .
Postdoktoren vil vere tilknytt Polhavet 2050, eit stort, tiårig nasjonalt forskingsprogram som har som mål å betre forståinga av dagens tilstand og den framtidige utviklinga i Polhavet. Programmet samlar 18 norske partnarar og kombinerer tverrfagleg feltarbeid, innovasjon og avansert hav‑ og klimamodellering. Som postdoktor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største senteret for klimaforsking i Norden og blant dei leiande sentra i Europa.
Søknadar ønskast frå kandidatar med erfaring, og interesse for, havsirkulasjon, hav-atmosfære interaksjon og klimadynamikk, spesielt i polare områder.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 01.07.2026. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
God kunnskap innan hav- og/eller klimadynamikk er eit krav.
Erfaring innan statistisk analyse av observasjonar eller data frå numeriske modellar relatert til hav eller klima er eit krav.
Kompetanse innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab eller Python) er eit krav.
Kjennskap til havsirkulasjon og dynamikk i Arktis og/eller Nord-Atlanteren er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga:
Inntil 10 % av arbeidstida kan bli sett av til anna karrierefremmande arbeid, som til dømes undervisning ved Geofysisk institutt.
Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
medlemsskap i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Marius Årthun, Geofysisk Institutt, marius.arthun@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgiver Asbjørn Rønninstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.