Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Mellombels Avdelingsingeniør (kode 1085) ved Sarssenteret

Søknadsfrist: 30.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen. – Les meir her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Mellombels Avdelingsingeniør

Ved Sarssenteret er det ledig ei 1-årig stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i forskingsgruppa leia av Marios Chatzigeorgiou på Sarssenteret frå juli 2020. Forskingsgruppa studerer evolusjonen og funksjonen i nervesystemet, og gruppas hovudfokus i gruppa er studiar av nevro-kretsar («neural circuits») og molekyl som kontrollerer mekano-sensorisk og kjemo-sensorisk sansemodalitet i Ciona intestinalis. Sarssenteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (www.embl.de/).

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil bli lært opp av og arbeide nært med gruppeleiar og dei andre medlemmene i forskingsgruppa. Hovudoppgåva vil vera å utvikle Python-basert programvare for kvantitativ åtferdsanalyse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må minimum ha ingeniørutdanning på bachelorgradsnivå eller tilsvarande kvalifikasjonar basert på utdanning og profesjonell ekspertise
  • Erfaring med dataprogrammering er eit krav. Spesielt ser vi etter erfaring i Python og maskinlæring i samanheng med kvantitativ åtferdsanalyse
  • Erfaring frå arbeide med marine organismar og spesielt Ciona intestinalis er eit føremon
  • Søkjar må kunne kommunisere flytande (munnleg og skriftleg) på engelsk
  • Djup erfaring i molekylær-, celle- og utviklingsbiologiske teknikkar er ønskjeleg

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med interessante arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør, kode 1085 frå lønnssteg 43-52 kode, lønsramme 22, etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For tida utgjer dette frå kr 402.600 til kr 464.000. For særskilt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlem i Statens Pensjonskasse (SPK)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk på stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, korfor du søkjer og korfor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 30 mai 2020.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er ein organisasjon som i særlig grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillinga

Powered by Labrador CMS