LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - vikariat (kode 1085) ved Michael Sars-senteret

Søknadsfrist: 23.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars Centre – Les meir her. 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør vikariat (kode 1085) ved Michael Sars-senteret.

Ei fulltids vikariatstilling som avdelingsingeniør (kode 1085) er ledig i forskingsgruppa leia av Pawel Burkhardt ved Michael Sars-senteret med føretrekt oppstartsdato 01 juni 2024 og varigheit til 31 mai 2025. Det er moglegheit for ei forlegning utover den opphavlege tilsettingsperioden dersom personen som no innehar stillinga vel og forlenge sin permisjon. Arbeidet i gruppa fokuserer på det evolusjonære opphav til synapsar og neuronar, ved å nytta choanoflagellater og ribbemaneter som hovudmodellsystem. Michael Sars-senteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL).

Arbeidsoppgåver:

Stillinga får tekniske oppgåver som støtter gruppas forskingsaktivitetar. Den vellykka kandidaten vil få tilleggsopplæring i spesifikke teknikkar når det er nødvendig. Viktige oppgåver vil omfatte molekylærbiologisk og biokjemisk arbeid (f.eks. In situ histokjemi, kloning, genlevering og gen «knock-outs»/»knock-downs», avbilding (f.eks. konfokalmikroskopi) og Ctenophora kultur. Stillinga omfattar også ansvaret for det daglege ansvaret for laboratorieutstyr og forbruksvarer, innkjøp og HMS - oppgåver. Den tilsette rapporterer til gruppeleiaren sjølv om han/hun midlertidig i det daglege kan rettleiast av andre medlemmer av gruppa.

Delvis fleksibel arbeidsplan vil tidvis vere nødvendig, og kompensert for i medhald av UiB -forskrifta.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant bachelorgradsnivå i biologi, biomedisinar eller ingeniørfag eit krav. Omfattande og relevant praksis, kombinert med relevant formell opplæring, kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Praktisk erfaring med Unit4-plattforma for å bestille laboratorieforbruksvarer og reagensar er eit krav.
  • Praktisk erfaring med marine ikkje-bilateriske forskingsmodellar er eit krav.
  • Mikroinjeksjon av zygotar for CRISPR/Cas9-mediert «knock-in» og «knock-out» genredigering er eit krav.
  • Rutinemessig erfaring med standard molekylær og cellulær biologiteknikk og kompetanse i bileteteknikkar er ein fordel.
  • Generering av transgene reporterlinjer ved bruk av I-SceI meganuklease mediert transgenese er ein fordel.
  • Søkjaren må kunne kommunisere flytande (skriftleg og munnleg) på engelsk.
  • Noko kunnskap i norsk må tileignast viss man ikkje har det på rekrutteringstidspunktet.
  • Personlege ferdigheiter som tillèt konstruktivt samspel med gruppemedlemene er eit krav.

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande stilling med interessante arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ein brutto årslønn frå NOK 487 800 – NOK 540 500 (tilsvarande lønstrinn 48 til 55) ved tilsetjing. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjarens motivasjon for å søkje stillinga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, og relevante attestar.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar.

Søknaden og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp på JobbNorge.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS