Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør ved Institutt for geovitskap.
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør innan stabil-isotopgeokjemi. Stillinga er knytt til «Fasilitet for avansert isotopforsking og overvaking av vêr, klima og biogeokjemiske syklusar (FARLAB; http://www.uib.no/en/BGF/FARLAB)».
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar hovudsakleg analysar og dagleg oppfylging av instrument. Kandidaten vil preparere prøvar, utføre isotopanalysar på ulike instrument, bidra til datahandtering og kvalitetskontroll. I tillegg vil kandidaten vere ansvarleg for forbruksmateriell, rutinar, protokollar og prosedyrar i prepareringslaboratoriet. Hovuddelen av arbeidet vil være innan marin geologi, paleo-oseanografi, fysisk/kjemisk oseanografi og meteorologi, men analyser i petroleumsgeologiske, geodynamiske og geobiologiske studiar vil òg utførast.
Den som vert tilsett vil òg kunne delta i andre tekniske oppgåver. Stillinga inngår i ei teknisk gruppe (laboratoriegruppa) som støtter opp under forskinga ved instituttet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning i geologi/meteorologi/oseanografi eller eit liknande fagområde, eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule er ein føremon. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Tidlegare erfaring med prøvepreparering av vatnprøvar og/eller geologiske prøvar for isotopanalyse er ein føremon.
Erfaring med handtering av små prøvar (f. eks. mikroskopering, veging) er ein føremon.
Erfaring med instrumentering/måleteknikk er ein føremon, spesielt innan analysar av lette stabile isotopar med massespektrometri og/eller ”cavity ring-down” spektroskopi.
Søkjarar må ha god organisasjonsevne
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Fleksibilitet, evne til problemløysing, og til å setje seg inn i ny instrumentering og utvikle og bruke denne i samarbeid med vitskapeleg stab, vil vere sentralt.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 509 300 – kr. 540 500 (svarer til lønssteg 51 – 55). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.