Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga er det ledig ei fast 100 % stilling som dyrepleiar på nivå som avdelingsingeniør.
Deltaking i helgevakter og beredskapsvakter inngår i stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking
Stell og tilsyn av dyr
Prøvetaking og laboratoriearbeid
Klargjering av operasjonsrom og laboratoria knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik
Delta i planlegging og gjennomføring av kurs i kirurgi i samarbeid med veterinær
Kvalitetssikringsarbeid knytt til kurs i kirurgi og dyreforsøk
Delta i opplæring av avdelinga sine brukarar
Det kan verte aktuelt å legge til andre arbeidsoppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelorgrad innan Dyrepleie
Autorisasjon som dyrepleiar eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke
Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
Søkjar må vere fagleg dedikert
Søkjar må vere fleksibel og kunne delta i avdelingas rullerande helge- og beredskapsvakter
Søkjar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav
Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk med interesse for forsking og undervisning. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. I tillegg har du digital kompetanse og evne til å tilegne deg nye ferdigheiter. Vi ser etter deg som har evne til problemløysing, er serviceinnstilt og imøtekommande.
Ved vurdering av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 53 - 58 (kode 1085) i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 524.700 - 565.900,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.