LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør, vitskapeleg programmerar.

Stillinga er finansiert av fleire eksterne prosjekt dei første åra.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett vil arbeid ved Computational Biology Unit (CBU), eit tverrfagleg senter for ypparleg forsking, undervisning og infrastruktur innan berekingsbasert biovitskap.

Programmeraren vil vera ein del av internasjonale forskarteam som utviklar nye metodar innan molekylær og matematisk modellering. Forskargruppene jobbar innan til dømes proteinstrukturmodellering, biomolekylære simuleringar og systemmedisin.

Oppgåvene vil bestå i å utvikle, halde ved like og oppgradere programvareløysingar som implementerer nye forskingsmetodar. Interoperabilitet med eksisterande bioinformatikkdatabasar og verktøy har eit sterkt fokus. Den vellykka kandidaten vert forventa å ha høg vilje og evne til å oppnå kompetanse på ei rekke utrekningsfelt, inkludert molekylær dynamikk og stokastisk kjemisk kinetikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ei mastergrad som inkluderer omfattande trening i programmering
  • Utmerkte programmeringsevner i meir enn eitt programmeringsspråk er ein føremon
  • Erfaring med Python og bibliotek for vitskaplege utrekningar er ein føremon
  • Erfaring med C/C++ er ein føremon
  • Erfaring med Typescript/Javascript er ein føremon.
  • Erfaring med utvikling og deployment av web-baserte løysningar er ein føremon.
  • Erfaring med parallell programmering er ein føremon,
  • Grunnleggande kunnskap om dynamiske system er ein føremon.
  • Grunnleggande kunnskap om molekylære omgrep er ein føremon.
  • Søkjarar må kunna arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil òg telja ved vurdering av kandidatane

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 483 700 - 524 900 ,-) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål, og relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 15.08.2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhald til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS