LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør (3 år) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør (100%) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er finansiert av Noregs Forskingsråd for tida knytt til prosjektet Neuro-SysMed. Avdelingsingeniøren vil arbeide ved forskingssenteret Neuro-SysMed som har areal på Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet har førebels finansiering for 3år.

Om Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å finne og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekkje oss, og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Vi leiter etter ein dedikert avdelingsingeniør som skal arbeide hovudsakleg med enkeltcelle- og andre celle-spesifikke omics applikasjonar i vårt laboratorium. Vi tilbyr ein fantastisk moglegheit for ein teknikar til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed. Du vil jobba saman med ei tverrfagleg gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • enkeltcelle omics applikasjonar, inkludert 10X Genomics plattformen. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av prøvar (t.d. fryst hjernevev, blodceller), cellekjernekstraksjon der det er aktuelt, kjøyring av 10X Genomics Chromium-kontrollaren, bibliotekbygging og kvalitetskontroll, førebuingar og sending for djupsekvensering, koordinering med sekvenseringsleverandørar, datainnhenting og koordinering av nedstraumsanalysar med bioinformatikkteamet vårt
  • cellespesifikke omics applikasjonar frå bulkvev ved bruk av FACS-sortering. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av prøvar (t.d. fryst hjernevev), cellekjernekstraksjon der det er aktuelt, FACS-sortering av celler/kjernar for å skilje nevronar og ulike typar glia celler, køyring av FACS-protokollen, nedstraumsanalysar inkludert kvalitetskontroll av prøven, målrettande eksperimenter (t.d. qPCR eller Western blot), bibliotekbygging og kvalitetskontroll for ulike omics, koordinering av sekvensering og nedstraumsanalysar med vårt bioinformatikk-team. Prosessering og biobanking av biologiske prøvar frå kliniske studiar (t.d. PBMC, ryggmargsvæske) så vel som hjerneprøvar frå obduksjon
  • uttrekk av nukleinsyrer (DNA, RNA) eller protein frå vev eller celler, og utføring av kvalitetskontoll, t.d. med gel, qubit eller bioanalyzar
  • analysere prøvar med grunnleggande laboratorieteknikkar som: western blot, PCR, qPCR, Sanger-sekvensering og immunohistokjemi
  • regelmessige møter med leiar for laboratoriet i Neuro-SysMed (Prof. Tzoulis), for å organisere arbeidsbelastning og teknisk støtte for god gjennomføring av forskingsaktivitetar, vedlikehald av fasilitetar og utstyr
  • presentere resultat og / eller data til leiaren for laboratoriet til Neuro-SysMed. Halde nøye dokumentasjon over alle gjennomførte prosedyrar og utfall, for tolking med andre forskarar
  • når passande, gje støtte og trening til akademiske og tekniske medarbeidarar og studentar, på spesifikke eksperimentelle teknikkar, og i bruken av spesialisert laboratorie-utstyr
  • hjelpe til med å koordinere vitskaplege møter

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant master grad (eller tilsvarande kvalifikasjonar) i molekylær biologi, biokjemi eller tilsvarande fag. Lang, relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • søkjar må ha erfaring i molekylær biologi og genomikk / genetikk
  • den som vert tilsett må ha erfaring med uttrekk av nukleinsyrer (DNA, RNA) og protein frå biologiske prøvar, med kvalitetskontroll, t.d. med gel-electrophoresis, qubit eller bioanalyzer
  • søkjar må ha erfaring med Western blot, PCR, qPCR, DNA-sekvensering, forberedelse av cDNA bibliotek, og immunocyto/histokjemi
  • søkjar bør ha erfaring med celle-kulturar
  • den som vert tilsett må kunne flytande engelsk, skriftleg og munnleg, på eit teknisk/ vitskapleg nivå

Følgjande kvalifikasjonar vil vere ein føremon:

  • erfaring med enkeltcelle omics applikasjonar inkludert 10X Genomics
  • erfaring med sortering av celler / nukleus ved bruk av FACS
  • erfaring med handsaming av biologiske prøvar frå kliniske studiar, slik som PBMC frå blod, isolering av celler frå ryggmargsvæske, m.m.
  • erfaring med hjernevev (humant eller dyremodellar)
  • erfaring med ATAC-seq og / eller ChIP-se

Vi søkjer ein person som:

  • kommunisere godt, har gode samarbeidseigenskapar, men kan også jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
  • er nøyaktig og har fokus på detaljar
  • er viljug til å ta ansvar for prosessar og følgjer dei til dei er fullførde
  • viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • er systematisk og analytisk
  • er viljug til å gjere seg kjend med nye emne og områder
  • arbeider godt strategisk, strukturert og held fristar

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300 – 483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som avdelingsingeniør:

  • avdelingsingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge avdelingsingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS