Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 05.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for biomedisin er det ledig eit vikariat 100% i 10 månader som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Studieseksjonen ved instituttet og vil ha arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttets studentar. Dette inneber tilrettelegging, og i nokre tilfelle assistanse i laboratoriekurs i kjemi/biokjemi, anatomi (makro og mikro) og fysiologi. Det vil og bli tillagt studieadministrative oppgåver til stillnga. Det er ønskeleg med ein person som har brei fagleg grunnutdanning innanfor biologi, kjemi eller liknande. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt særleg.

Arbeidsoppgåver:

  • teknisk tilrettelegging av laboratoriekurs i anatomi, kjemi/biokjemi/molekylærbiologi og fysiologi
  • assistanse på kurs
  • studentadministrasjon, som vil inkludere arbeid med timeplanar, eksamen og anna
  • oppdatering av laboratoriejournalar
  • reinhald og vedlikehald av utstyr og inventar
  • Studia ved instituttet er i stadig utvikling og den som blir tilsett må å ta aktiv del i denne utviklinga. Innhaldet i stillinga og organiseringa av avdelinga vil derfor kunne endrast i samsvar med dette, og arbeidsoppgåver i andre avdelingar og grupper vil og kunne bli aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein bachelorgrad innanfor dei faga som vert undervist (biokjemi, biologi, molekylærbiologi, fysiologi, cellebiologi eller kjemi), eller tilsvarande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer.
  • Gode engelskkunnskapar er viktig.
  • Erfaring med undervisning og/eller formidling vil være en fordel.
  • Erfaring med studieadministrativt arbeid vil være en fordel.
  • God IT kompetanse.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå studieadministrative dataprogram.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Den som blir tilsett må ha evne til å arbeide sjølvstendig, ha god ordenssans. og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.Vi søkjer ein person som
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har høg motivasjon for stillinga
  • har eigna personlege eigenskaparVed vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52 (for tida kr 428 200 – 464 000), med mastergrad lønssteg 51-53. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leder for studieseksjonen Bianca Nygård, 55 58 63 33, bianca.nygard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS