Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (vikariat) innan marinkjemiske målingar

Søknadsfrist: 21.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør innan marinkjemiske målingar. Vikariatet er ledig i perioden 18. november 2019 til 1. oktober 2020, men det kan bli aktuelt å tilby forlenging.

Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i kjemisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk og fysisk oseanografi. Instituttet har 20 faste vitskaplege stillingar og 24 teknisk/administrative stillingar. I tillegg har instituttet for tida 18 bistillingar og til saman om lag 55 PhD-studentar, postdoktorar og forskarar i fagmiljøet. For meir informasjon om instituttet sjå: http://www.uib.no/gfi.

Den som vert tilsett, vil vere knytt opp til forskingsgruppa i kjemisk oseanografi/biogeokjemi, og vil vere retta mot støttefunksjonar for tokt/feltarbeid og aktiviteten på laboratoriet for kjemisk oseanografi samt undervisning i GEOF 236, 337 etc.

Arbeidsoppgåver:

  • Til stillinga ligg ansvar for styring og kontroll av kjemisk oseanografisk instrumentering brukt på laboratoriet, tokt, cargo-linjer, faste stasjonar og feltbaserte eksperiment.
  • Deltaking i utviklingsarbeid av ny instrumentering er sterkt ønska.
  • Den som blir tilsett, vil få primæransvar for målingar av totalt karbon og alkalinitet, i tillegg til oksygen- og saltmålingar. Her inngår vedlikehald og kalibrering av kjemisk oseanografisk instrumentering, databearbeiing og kvalitetskontrollering av data.
  • Det er også ønskeleg at den som blir tilsett deltek i undervisinga ved instituttet ved å assistere laboratoriekurs, feltkurs og feltarbeid knytt til master- og PhD-utdanning.
  • Koordinering, planlegging og deltaking på tokt og feltarbeid er ein del av arbeidet.
  • Kandidaten vil få ansvar for innkjøp av kjemikaliar og måleinstrument og må ha kunnskap om kjemikaliar og tilhøyrande datablad som tilfredstillar HMS-krav på laboratoriet og til sjøs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha realfagsutdanning på minimum bachelorgradsnivå, eller ha tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • Kompetanse innan kjemi er eit krav.
  • Søkjarar må ha sertifikat for bil.
  • Det vil vere ein fordel med kjennskap til datainnsamling i oseanografi, erfaring frå arbeid på kjemilaboratorium og tokterfaring.
  • Det er ønskeleg med erfaring innan marin og kjemisk teknologi.
  • Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig, nøyaktig og ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • Den som vert tilsett må meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønssteg 51 - 55 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 456 400 – kr 488 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Truls Johannessen, tlf. 55 58 43 27, e-post: truls.johannessen@gfi.uib.no eller
  • Senioringeniør Tor de Lange, tlf. 55 58 26 87, e-post tor.lange@gfi.uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS