Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (50%, fast) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 03.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei 50 % fast stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Neurotargeting forskingsgruppe. Neurotargeting forskingsgruppe (http://www.uib.no/fg/neurotarg) utfører molekylær, biokjemisk, cellulær og genetisk basalforsking med særleg vekt på regulatoriske protein i nervesystemet. Gruppa har ekspertise i proteinkjemi, cellefraksjonering, post-translasjonelle modifikasjoner, in vitro transkripsjon og translasjon samt strukturbiologi. Gruppa er involvert i mange samarbeidsprosjekter.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudoppgåver for stillinga vil vere organisering av laboratoriet og laboratorieoppgåver innanfor molekylærbiologi og biokjemi, med spesiell vekt på protein- og RNA-kjemi i samband med ulike forskingsprosjekt. Dette omfattar mellom anna cellekultur, genteknologiarbeid, arbeid med protein, elektroforese, in vitro eksperimenter for å studere posttranslasjonelle modifikajoner, transkripsjon og translasjon. Oppgåver inkluderer og vedlikehald av laboratorieutstyr og innkjøp og registrering av utstyr og kjemikaliar. Rettleiing og samarbeid med studentar og tilsette er og viktig. Stillinga vil også ha oppgåver på BISS plattforma. Avdelingsingeniøren vil gje opplæring i HMT knytt til arbeidet ved laboratoriet for studentar og tilsette.Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i molekylærbiologi eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og relevant etter- og vidareutdanning er eit krav
  • relevant erfaring for dei fleste arbeidsoppgåvene som stillinga skal dekke er eit krav
  • erfaring med genteknologi er eit krav
  • erfaring med eukaryote cellekultur er eit krav
  • erfaring med protein er ein føremon
  • erfaring med DNA- eller RNA-protein interaksjon er ein føremon
  • Kjennskap til biofysikalske metodar relatert til BISS er ein føremon
  • erfaring med program for kjemikalieregistrering (FileMaker og ECOonline) og HMT kurs er ein føremon
  • god munnleg og skriftleg engelsk og norsk framstillingsevne er ein føremon
  • organisatoriske eigenskapar blir vektlagt

Vi søkjer ein person som

  • må kunne arbeide sjølvstendig, men og ha gode evner til samarbeid
  • må vere fleksibel og ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 51-53 (for tida kr 456 400 – 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningarFølgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som avdelingsingeniør:
  • avdelingsingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge avdelingsingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anni Vedeler ved Institutt for biomedisin, tlf.: 55 58 64 35 eller e-post: Anni.Vedeler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS