Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (50 %, mellombels) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 28.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør (50 %, mellombels)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som avdelingsingeniør (50 %) i åtte (8) månader.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til eit prosjekt som skal skaffe kunnskap om kjemisk eksponering blant personell som deltek i opprydding etter oljesøl. Arbeidsoppgåvene er å delta på eit feltarbeid offshore for å måle luftforureining i forbindelse med kontrollerte oljeutslepp. Arbeidet medfører førebuing til feltarbeidet som krev omfattande instrumentering, målingar under feltarbeidet offshore og datahandtering/oppsummering av resultata i etterkant.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant bachelorgrad
  • god kunnskap til instrumentering for målingar er naudsynt

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) i lønssteg 47-52 (for tida kr 421 700 – 456 900). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Magne Bråtveit, tlf. 55 58 60 73 / 992 05 955, e-post: Magne.Bratveit@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS