Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør - IT-avdelinga

Søknadsfrist: 25.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Avdelingsingeniør IT brukarstøtte - 2-årig vikariat

Ved IT-avdelinga er det ledig stilling som avdelingsingeniør i Seksjon for brukarstøtte. Stillinga er eit 2-årig vikariat, som kan bli forlenga og/eller gjort om til fast stilling.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Avdelinga har om lag 100 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Seksjon for brukarstøtte omfattar m.a. brukarstøttesenteret BRITA. Vi har òg ansvar for førsteline drift av klientmaskiner og skrivarar, og for undervisningsteknisk utstyr. Seksjonen har ein utprega sørvisfunksjon, der varetaking av brukarane og deira behov er sentralt.

Den som blir tilsett vil vere knytt til brukarstøttesenteret, men kan òg få andre oppgåver innan seksjonen sitt arbeidsfelt. Ein må rekne med noko arbeidstid etter kl. 17 i samband med avvikling av digitale eksamenar.

Arbeidsoppgåver:

  • Deltaking i brukarstøttesenter med telefonvakt, personleg kundemottak og sakshandsaming individuelt og i samarbeid.
  • Feilsøking, problemløysing og informasjon knytt til bruk av ulike IT-tenester.
  • Drifts- og forvaltningsoppgåver for universitetet sine PC-ar, skrivarar, programvare og system.
  • Informasjon og dokumentasjon rundt IT-tenester.
  • Støtte til forskings-, utdannings- og andre fagnære IT-oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Er allsidig IT-teknisk kompetent og har god teknisk forståing.
  • Du må ha god Windows-kompetanse. Vi ønskjer oss òg kompetanse på eitt eller fleire av felta: drift av skrivarar/multifunksjonsmaskiner, Mac drift/brukarstøtte eller Linux drift/brukarstøtte.
  • Er serviceinnstilt med interesse for brukarkontakt og brukarstøtte. Helst bør du ha røynsle frå liknande arbeid. Du må ha gode samarbeidsevner og evner til å byggje relasjonar.
  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Du må ha minst ingeniørutdanning frå høgskule eller tilsvarande utdanning (t.d. bachelor), eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Arbeid i eit aktivt og stimulerande teknologimiljø med motiverte medarbeidarar.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Store moglegheiter for fagleg utvikling og vekst.
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønssteg 46-50 (kode 1085) etter kvalifikasjonar og tenesteansiennitet. Dette utgjør for tida kr. 420 700 – 449 300 (brutto pr år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Magne Bergland (magne.bergland@uib.no, 480 96 660) eller
  • Gruppeleiar Jon Steine (jon.steine@uib.no, 975 57 146)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS