Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Teknisk systemforvaltar digital eksamen

Søknadsfrist: 14.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Teknisk systemforvaltar digital eksamen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Universitetet i Bergen (UiB) har komme lengst i landet på bruk av digital vurdering. Dette får vi til gjennom et godt samarbeid mellom IT-avdelinga og resten av universitetet. For å sikre at ITavdelingas ansvar blir handtert og strukturert på en god måte ønsker vi å styrke vårt læringsteam med en teknisk systemforvaltar. IT-avdelinga på UiB er ein felles ressurs for heile UiB og avdelinga har eit aktivt og kompetent miljø med om lag 110 tilsette. Vi skal bidra til at UiB når sine mål og leverer teneste som inngår i eller støttar opp under universitetets kjerneoppgåver forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Seksjon for applikasjonar har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av både fagnære og administrative tenester, og er ein viktig bidragsytar i arbeidet med å realisere UiB sin digitaliseringsstrategi.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av leverandør og testing av nye versjonar av løysing for digital vurdering (Safe Exam Browser – SEB)
  • Intern koordinering ved behov
  • Feilsøking ved driftsavbrot/-problem (så du må bli godt kjent med løysinga)
  • Kontinuerleg fokus på å identifisere forbetringar i løysingar og prosesser
  • Bidra til å sikre at seksjonen held seg oppdatert på relevant teknologi
  • Bidra til det generelle arbeidet med drift og forvaltning i avdelinga – teknisk systemforvaltar er ikkje ein 100%-rolle heile året

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har god kompetanse på Microsoft-teknologi (MS-SQL, Windows server, Windows7/10, AD, Azure mm)
  • Erfaring med sky og container-teknologi (så som AWS, Docker, Kubernetes, HELM) er en fordel – men ein sterk interesse for å læra kan vere nesten like bra!
  • IT-avdelinga jobbar kontinuerleg med å forenkle og effektivisere, så det er ein stor fordel med erfaring med eit eller fleire scriptspråk
  • Du er sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Du har gode kommunikasjonsevner. Må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • Du har interesse for nye tekniske moglegheiter og evna til raskt å setje deg inn i nye teknologiar
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande. For å bli tilsett som overingeniør, utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085), overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 45-52 (for tida kr 414 600 - 464 000), 53-68 (for tida kr 472 000 – 615 900), eller 58-70 (for tida kr 513 600 – 640 200) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen