LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Avdelingsingeniør - Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag

Søknadsfrist: 14.12.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også utdanning på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Institutt for Sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har over 60 tilsette i heiltids- og deltidsstillingar. Instituttet har fire bachelorprogram og to masterprogram. I Bergen har ein bachelorprogram for bioingeniørutdanning, kjemiingeniørutdanning og prosessteknologiutdanning samt masterprogram i medisinsk laboratorieteknologi. I Haugesund har ein bachelorprogram for branningeniørutdanning og masterprogram i brannsikkerheit. Instituttet har laboratorier med topp moderne instrumentpark, ein brei forskingsaktivitet og eit nært samarbeid med mange bedrifter i regionen.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag.

Vi søker etter ein motivert og dyktig avdelingsingeniør som kan tenkje seg å undervise studentar i dei attraktive laboratoria våre. I denne jobben er engasjement for eksperimentelt arbeid sentralt sidan du skal rettleie og lære opp studentar i samband med ulike laboratoriekurs. Det gjeld laboratoriekurs i klassiske kjemiemne som generell kjemi, organisk kjemi, instrumentell analyse og fysikalsk kjemi. Det gjeld også kjemitekniske emne, i første omgang i anvendt strøymingslære. Stillinga vil innebere eit breitt spekter av arbeidsoppgåver knytt til kjemirelaterte laboratorieaktivitetar innan undervisning og forsking ved instituttet. Vi ønskjer derfor ein ingeniør som er fleksibel, tar initiativ, er strukturert og tar tak i driftsoppgåver.

Arbeidstad er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • førebuing og tilrettelegging av laboratoriekurs
  • undervisning og rettleiing av studentar på laboratoriekurs
  • drift og vedlikehald av instrument og laboratorium
  • rettleiing av andre medarbeidarar
  • retting av rapportar frå laboratorieøvingar
  • bidra med praktisk laboratorierettleiing i samband med bacheloroppgåver 
  • bidra som ingeniørstøtte i eksperimentelt arbeid i forsking og utvikling (FoU)
  • delta i organisering av laboratorium som instituttet disponerer
  • bidra til sikkert arbeid i laboratorium ved sjå til at HMS-retningslinjer blir følgt
  • bidra i arbeidet med studentrekruttering

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • minimum bachelorgrad i kjemi eller anna relevant fagområde
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk sidan rettleiing og opplæring skjer på norsk

Ønskede kvalifikasjoner:

  • erfaring med undervisning og rettleiing av studentar i laboratoriet
  • erfaring med kjemiske analysar
  • erfaring med risikovurderingar og kjemikaliehandtering
  • erfaring med Excel, programmering og bruk av simuleringsprogrammet HYSYS

Personlige egenskaper:

  • god formidlingsevne
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig
  • evne til å bidra konstruktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som avdelingsingeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterende instituttleder Kristin Kvamme, E-post: kristin.kvamme@hvl.no 
Powered by Labrador CMS