Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i organisk syntese / organisk kjemi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i organisk syntese / organisk kjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Fagområdet for stillinga er organisk kjemi med fokus på fotokjemi og moderne reaksjonsteknologiar. Prosjektet tar sikte på å utvikle og undersøke fotoresponsive molekylære system for lysdrevet energilagring og -konvertering, der fotobrytarar representerer ein sentral klasse av forbindelsar i prosjektet. Den som blir tilsett, vil jobbe med syntese, karakterisering og undersøking av funksjonelle molekylære system og deira fotokjemiske eigenskapar. Eit hovudfokus vil vere å forstå lysinduserte prosessar, evaluere molekylær yting og identifisere lovande kandidatar gjennom systematiske screeningmetodar. Prosjektet involverer vidare utvikling og optimalisering av syntetiske og analytiske arbeidsflyt. Moderne reaksjonsteknologiar som høykapasitetseksperimentering (HTE), strømningskjemi og automatiserte screeningmetodar vil bli integrert i prosjektet. Avhengig av kandidatens bakgrunn og interesser, kan arbeidet også involvere aspekt ved prosessutvikling, automatisering og plattformutvikling for kjemisk syntese og analyse.
Kandidaten vil bli ein del av eit tverrfagleg forskingsmiljø og vil ha moglegheiter til å samarbeide innanfor NorHTE-initiativet og relaterte forskingsaktivitetar ved Kjemisk institutt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i organisk kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå syntetisk organisk kjemi er eit krav.
Erfaring frå opptak og tolking av NMR-spekter er eit krav.
Erfaring frå bruk av moderne analytiske og spektroskopiske metodar, slik som UV/Vis, fluorescence, IR spektroskopi eller kromatografi er ein fordel.
Erfaring med andre analyseverktøy, som termiske analyseteknikkar, er ein fordel.
Erfaring med eit eller fleire av følgande områder er ein fordel: fotokjemi, strømningskjemi, høykapasitetseksperimentering (HTE) og screeningmetodar, automatisering og datadrevne arbeidsflytar, organometallisk kjemi og fleirtrinns organisk syntese.
Erfaring med programmering, automatisering eller ingeniørrelaterte aspekt ved kjemiske system er ein fordel.
Erfaring frå arbeid under inert atmosfære og tørre vilkår er ein fordel.
Interesse for interdisiplinær forsking er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad og karakterutskrift frå avlagte eksamenar på masternivå så langt. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Helen Hölzel, tilsett som postdoktor, helen.holzel@uib.no eller professor Magne Sydnes, tlf. 55583360/e-post magne.sydnes@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Thea Thingnes, e-post thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.