LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk

Søknadsfrist: 26.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk frå 1. august 2022. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til National Center for Sustainable Subsurface Utilization of the Norwegian Continental Shelf (NCS2030). NCS2030 er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, IFE og NORCE og mottek midlar frå Noregs Forskingsråd og industri.

Målsetjinga for NCS2030 er vitskapleg og teknologisk tilrettelegging for energieffektiv og utvida utnytting av undergrunnen i berekraftige verdikjedar “Sustainable Subsurface Value Chain”. Senteret har som mål å utvikle nye og forbetra løysingar for oljeutvinning med lågt karbonavtrykk. Dette omfattar å bruke CO2 til meir effektiv oljeutvinning “Enhanced Oil Recovery (EOR) “ og CO2-lagring.

Den som blir tilsett, vil utføre væskeflyteksperiment for å undersøke fortrenging og lagringsmekanismar ved bruk av CO2 ved relevante reservoarforhold. Dette inkluderer å undersøkje korleis ein kan forbetre produksjonen frå modne reservoar ved å bruke CO2-skum og mobilitetskontroll for å spare energi og redusere dei totale CO2-utsleppa.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Globale energistrategiar må reflektere klima- og samfunnsutfordringane. Teknologiar for å redusere CO2-utslepp og forbetre energieffektiviteten må bli utvikla. Karbonfangst og lagring (Carbon Capture, Utilization and Storage (CCUS)) er ein viktig teknologi for å redusere CO2 utslepp. Ein viktig del av CCUS-verdikjeda er meir effektiv oljeutvinning med samtidig CO2 -lagring. Kombinert CO2 EOR og CO2 -lagring kan lagre gigatonn av CO2, noko som trengs for å dempe klimaendringar, samtidig som det gir tiltrengt energi. Ei stor teknologisk utfordring for CO2 -injeksjon er låg tettleik og viskositet til CO2 i kombinasjon med reservoarheterogeniteter. Ugunstige mobilitetsforhold kan gje redusert sveip og svekke effektiviteten for både oljeproduksjon og CO2 lagring. Danning av eit meir viskøst CO2-skum djupt inne i reservoara kan løyse utfordringa med ugunstig fortrenging og auke både oljeproduksjonen og -lagringspotensialet for CO2.

Målet med dette prosjektet er å karakterisere og optimalisere mobilitetskontrollteknologi for relevante reservoar på norsk kontinentalsokkel. Ph.d.-kandidaten vil bidra i eit tverrfagleg forskarteam og vil fokusere på flyt- og fortrengningsmekanismar av CO2 og CO2 -skum i modne reservoar.

Oppgåvene til ph.d.-kandidaten vil i hovudsak vera eksperimentelle og inkluderer:

  • gjennomføring av høgtrykk og høg temperatur CO2-eksperiment i borekjerneskala
  • bestemme optimale skumparametre for CO2 EOR og CO2-lagringsapplikasjonar på norsk sokkel
  • oppskalering av laboratorieresultat til feltskala i samarbeid med prosjektteamet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan eksperimentell reservoarfysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Eksperimentell erfaring med væskeflyt i porøse medier er eit krav.
  • Erfaring med å utføre og analysere CO2 kjerneflømmingar ved høgt trykk og høg temperatur er eit krav.
  • Eksperimentell erfaring frå skuminjeksjon for CO2 mobilitetskontroll er ein fordel.
  • Erfaring frå numerisk simulering av CO2 -injeksjon i undergrunnen er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Evna til å leie mindre grupper av studentar vil vere viktig.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og motivasjon vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS