Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Institutt for samanliknande politikk

Søknadsfrist: 29.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vitskapleg assistent ved Institutt for samanliknande politikk

Det er ei ledig stilling som vitskapleg assistent ved Institutt samanliknande politikk knytt til prosjektet PROTECT. I tillegg til å gi støtte til forskingsaktivitetar skal den vitskaplege assistenten ha ansvar for å systematisera og oppsummeringa av resultat frå prosjektaktivitetar og tilretteleggje for formidling av desse til eit vidt internasjonalt publikum gjennom prosjektet si/sine nettside, bloggar, sosiale medium, elektroniske nyhende, lydfiler, videosnuttar, brosjyrar, seminar og konferansar.

Dette er ein 1-årig førebels stilling med moglegheit for å bli forlenga til totalt 2 år.

Om prosjektet

«PROTECT: The Right to International Protection. A Pendulum between Globalization and Nativization» vil undersøkje utviklinga av retten til internasjonalt vern. Prosjektet er finansiert av Den europeiske union under rammeprogrammet Horisont 2020. PROTECT-konsortiet består av 11 partneruniversitet i Europa, Canada og Sør-Afrika og blir leia av Professor Hakan G. Sicakkan ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen. Prosjektgruppa ved Institutt for samanliknande politikk vil bestå av tre professorar, to postdoktorar og ein vitskapleg assistent.

Arbeidsoppgåver:

Den vitskaplege assistenten skal fungere som PROTECT-konsortiets kommunikasjonsansvarlege, vere ein del av prosjektet sitt sentrale koordineringsteam og rapportere til prosjektleiaren. Stillinga sine faglege oppgåver inkludera systematisering, oppsummering og formidling av funn og resultat frå konsortiets prosjektaktiviteter. Kommunikasjonsoppgåvene omfattar (1) kommunikasjon mellom prosjektforskarar i andre land og prosjektleiinga og (2) tilrettelegging for formidling frå prosjektet til ei rekkje målgrupper: forskingsmiljø, internasjonale og nasjonale organisasjonar som jobba med internasjonalt vern, internasjonale og nasjonale avgjerdsstakarar, politikarar og sivilsamfunnet. I praksis inneber dette utadretta informasjonsaktivitet gjennom utvikling, vedlikehald og oppdatering av prosjektet si/sine heimeside, blogg, prosjektsider og -kanalar i sosiale medium, elektroniske nyhendebrev, informasjonsbrosjyrar, assistanse til organisering av møter og konferansar samt produksjon av målretta tekst-, lyd- og videoinnhald til desse på engelsk og norsk. Kandidaten som får stillinga, må rekne med ein del utanlandsreiser i samband med organisering av prosjektkonferansar og møter.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i samanliknande politikk eller anna relevant disiplin (relevant arbeidserfaring med dokumentert gode resultat kan delvis erstatta utdanningskravet)
  • Genuin interesse i formidling og kommunikasjon
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verkty og -plattformer
  • Erfaring med utvikling og oppdatering av internettsider (e.g. WordPress)
  • Erfaring med publisering i sosiale medium (Facebook, Twitter, YouTube, SoundCloud, blogg ol.)
  • Gode skriftlege og munnlege formidlings- og kommunikasjonsevner
  • Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner og evne til å ta initiativ og jobbe uavhengig

Me tilbyr:

  • Spennandes arbeidsoppgåver i eit stort forskingsprosjekt
  • Fagleg utvikling i eit sterkt internasjonalt fagmiljø
  • Lønn etter Statens lønnsregulativ, ltr. 51 (Lpl.17.515/ kode 1020). Dette utgjer ei årsløn på kr. 456.400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev med din motivasjon for å søkje på stillinga og kvifor du passar til den
  • Oversikt over utdanning, relevant arbeidserfaring og referansepersonar (CV)
  • Fagleg arbeid (masteroppgåve/bacheloroppgåve/publikasjonar/populærvitskaplege tekstar) som dokumenterer di evne til å systematisere og formidla forskingsfunn (maksimum tre arbeid)
  • Dokumentasjon på tidlegare formidlings- og kommunikasjonsarbeid i digitale plattformer (eit dokument med klikkbare med lenkjer til internett-sider, Facebook, Twitter, YouTube, SoundCloud, bloggar, brosjyrar, plakatar, posters ol. som du sjølv har laga og/eller drifta)
  • Vitnemål og relevante attestar

Søknadsfrist: 29.10.2019

Søknaden skal merkast 19/24186.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettas til rådgjevar Even Michal Endresen, e-post Even.Endresen@uib.no eller tlf. 55 58 90 59.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS