Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (Project manager) - Geofysisk institutt og Bjerknessenteret

Søknadsfrist: 23.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar (Project manager)

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (”Project Manager”) knytt til EU H2020-prosjektet TRIATLAS. Prosjektet ligg under ordninga «Societal Challenge 2, Blue Growth call: All Atlantic Ocean Research Alliance Flagship BG-08-2018-2019». Dei fyrste 48 månadene er 75% av stillinga finansiert av dette prosjektet. Resten av stillinga er knytt til eit internt prosjekt for å styrke forskingsadministrative prosessar knytt til kontraktsoppfølging. Etter prosjektet utløp kan ein bli sett til andre oppgåver.

Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er å vere prosjektmanager for TRIATLAS-prosjektet (Tropical and South Atlantic - climate-based marine ecosystem prediction for sustainable management), som er eit sentralt europeisk forskingsprosjekt som tek sikte på å forbetre prediksjonen av endringar i klima, marine økosystem og tilhøyrande sosio-økonomiske implikasjonar. Prosjektet har 34 partnarar in Europa, Afrika og Brasil.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

TRIATLAS er eit ambisiøst prosjekt som har som mål å utrede status til dei atlantiske økosystema, å forstå korleis dei endrar seg og kva som er konsekvensane av desse endingane, i tillegg til å fremme berekraftig forvalting av Atlanterhavet. Forskingsfelta spenner frå fysisk oseanografi, klima, marine økosystem, til samfunnsvitskap, og prosjektet baserer seg på observasjonar, modellering og informasjonsflyt til politikarar og beslutningstakarar.

Kandidaten skal støtte prosjektleiar for TRIATLAS i alle delar av den vitskaplege koordineringa av prosjektet (den prosjektøkonomiske administrasjonen bli gjort av andre).

Arbeidsoppgåvene er:

  • Utarbeide kommunikasjonsplan, etablere og drive intern- og eksternkommunikasjon
  • Fremme resultat frå prosjektet mot internasjonale rapportar.
  • Bistå med å koordinere arbeidet mellom dei ulike arbeidspakkene.
  • Koordineringsoppgåver mot datamanager, kommunikasjonsrådgjevar, prosjektøkonom og juridisk rådgjevar.
  • Følge opp aktivitetane i prosjektet, og særleg sjå til at alle leveransar går som dei skal og at milepælar følgjer tidsplan.
  • Skrive saman rapportar.
  • Organisere prosjektmøte.
  • Nettverksarbeid med andre internasjonale og nasjonale prosjekt
  • Bidra til at prosjektet oppnår størst mogleg påverknad internasjonalt og nasjonalt.
  • Følge opp etiske standarder og retningsliner og forpliktinga om å publisere i "open access"- tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein norsk doktorgrad i oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk, biologi, samfunnsøkonomi eller tilsvarande disiplinar, eller ha tilsvarande utdanning frå utlandet.
  • Erfaring frå prosjektadministrasjon er ein føremon
  • Kjennskap til prosessen med vitskapleg forsking i klima og hav.
  • Gode kommunikasjonsevner også på tvers av fagområder.
  • God skriftleg framstillingsevne og evne til å formulere lettforståelege tekster for formidling til ulike parter
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Ferdigheiter i andre europeiske språk er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode samarbeidsevner (med hensyn til f.eks. diplomati, tålmodighet, problemløysing, effektiv delegering av oppgåver).
  • Evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte.
  • Sjølvtillit og evne til å jobbe under press

Videre er det ønskeleg med:

  • Dokumentert erfaring med store forskingsprosjekt
  • Vitskapeleg kompetanse innan hav, klima, marin, fiskeri eller samfunnsøkonomi
  • Erfaring innan vitskapleg publisering og kommunikasjon
  • Inngåande kjennskap til EUs finansieringssystem.
  • Erfaring med EU-deltakerportalen.
  • Vilje til å reise
  • Bevisstheit om miljøvennlege styringsprosedyrar

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 57 – 64 (for tida kr 497 000 – 565 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt, e-post: noel.keenlyside@uib.no, tlf: +47 55582032; and
  • Dr. Mahaut de Vareilles, Geofysisk institutt, e-post: mahaut.vareilles@gfi.uib.no, tlf: +47 55583708

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS