Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsrådgjevar – Global Research Programme on Inequality (GRIP)

Søknadsfrist: 05.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Global Research Programme on Inequality (GRIP) er eit nystarta forskingsprogram som fokuserer på ulikheit, inkludert perspektiv frå det globale sør. GRIP skal utvikle og fremje tverrfagleg forsking på ulikheit innanfor globale urbane kontekstar med utgangspunkt i samfunnsvitskaplege forståingar. International Science Council (ISC) og Universitet i Bergen er i fellesskap sponsorar for GRIP og Det samfunnvitskapelege fakultet er vertskap for sekretariatet. Senteret er administrativt lagt til Institutt for sosialantropologi, og er lokalisert i tilknyting til dette instituttet. For meir informasjon om GRIP: https://council.science/current/news/global-research-programme-on-inequality-launched

Vi søkjer nå ein rådgjevar som skal bidra til å bygge opp GRIP. Koordinatoren vil få eit variert og utfordrande arbeid med å generere og starte opp prosjekt, styrke tverrfaglege samarbeid og initiativ og synleggjere aktivitetane ovanfor samfunnet. Dette er ein fast stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.

Arbeidsoppgåver:

  • bidra i prosjektutvikling
  • legge til rette for og bidra til forskingsformidling, seminar og konferansar
  • kommunisere med ISC og relevante forskarar, nettverk og prosjekt knytt til ISC
  • halde ved like forskingsnettverk og kontakt med samarbeidspartnarar
  • bidra til å utvikle GRIP sine strategiar og planer
  • delta fagleg i forskingsprosjekt der det er naturleg
  • ha ansvar for dagleg administrasjon av GRIP, mellom anna prosjektadministrasjon, økonomistyring og informasjonsflyt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad. Relevant doktorgrad og eller forskingserfaring utover mastergrad vil vere ein føremon
  • Kunnskap om og erfaring med digitalt kommunikasjonsarbeid og forskingsformidling er ønskjeleg.
  • Erfaring med deltaking i og oppbygging av forskingsgrupper og forskingsnettverk er ønskjeleg
  • Erfaring med internasjonale og globale forskingsprosjekt og/eller forskingsorganisasjonar vil bli vektlagt. Det er ønskjeleg med god kjennskap til eksterne finansieringskjelder
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav
  • Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse

Vi ser etter deg som:

  • gjennom resultat og referansar kan dokumentere å ha arbeidd sjølvstendig, strukturert, og resultatorientert
  • er målretta, initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 55-60 (for tida brutto kr 488 000 - 532 300) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via ”Søk stillingen”.

Søknadsfristen er: 5. desember 2019

Merk søknaden: 19/25658

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda til å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS