Stilling:

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 15.07.2018

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det frå 1. november 2018 ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin). Arbeidsstad er Kalfarveien 31 i Bergen.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Stillinga skal vere knytt til fagområde for allmennmedisin.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte instituttleiar, professor Guri Rørveit, tlf.: 55 58 61 41, epost: Guri.Rortveit@uib.no

Kvalifikasjonar

  • søkjarar må ha norsk ph.d-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • søkjarar må ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og helst vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialistutdanning
  • det vil verte lagt vekt på evne til nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Den som vert tilsett skal arbeide med forsking og undervising som er relevant for fagfeltet allmennmedisin og må kunne dokumentere forsking innan feltet. Vilje til å generere eksterne forsking midlar vil verte vektlagt. Det vert og lagt vekt på undervisingserfaring. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett er i klinisk allmennpraksis ved sida av. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 586 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 68 (kode 1011/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 607 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Lønn er under endring ut frå den nye hovedtariffavtalen. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid, og utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskapelege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved elektronisk:

● CV

● vitnemål

● attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Ein viser til "Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger".

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 15.07.2018

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i allmennmedisin frå 1. november 2018. Arbeidsstad er Kalfarveien 31 i Bergen.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin er eitt av fem institutt under Det medisinske fakultet. Til instituttet høyrer for tida om lag 60 faste vitskapleg tilsette og 25 faste tekniske og administrativt tilsette. Instituttet har omlag 19 postdoktorar, om lag 150 stipendiatar/doktorgradsstudentar, og rundt 170 mastergradstudentar får undervising frå instituttet. Dei tilsette er organisert i fagområde, og alle vitskapeleg tilsette deltek og i forskingsgrupper, undervisingsgrupper og administrasjon.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin gir undervising i allmennmedisin og andre fag til medisinstudentar, i tillegg til samfunnsfarmasi til farmasistudentar og driv i tillegg masterprogram i internasjonal helse, helsevitskap og helseleiing.

Forsking og undervising ved instituttet omfattar eit breitt spekter av disiplinar innan allmennmedisin, epidemiologi, helsefag, global helse, farmasi og statistikk. Instituttet har 15 forskingsgrupper, blant dei ei forskingsgruppe for allmennmedisin.

Den som vert tilsett skal inngå i Fagområde Allmennmedisin. Den som vert tilsett må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse. Søkarar må ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og helst vere spesialist eller under spesialistutdanning i allmennmedisin.

Den som vert tilsett skal delta i undervisinga i allmennmedisin og rettleie doktorgradskandidatar. Den som vert tilsett vil òg verte pålagt å delta i instituttet si generelle undervisning på lågare grad, og i arbeid på instituttet elles.

Det vert lagt vekt på erfaring med eigne forskingsprosjekt og undervising. Vidare vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Kurs vert tilbode.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter dato for tilsetjing.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggas reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 15.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Professor Guri Rørveit (Instituttleiar)

Telefon: 55 58 61 41

E-post: Guri.Rortveit@uib.no

Powered by Labrador CMS