Stilling:

Overingeniør (20 %, mellombels) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist 1. juli 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør (20 %) frå 1. august 2018 og til 31. juli 2020. Stillinga er knytt til forskingsgruppa for globale helseprioriteringar og arbeidsstad vil vere i Kalfarveien 31.

Stillinga er finansiert gjennom Disease Control Priorities (eksternfinansiert av Bill & Melinda Gates Foundation og Norad)

Om instituttet: www.uib.no/igs

Arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten skal utvikle eit avansert grensesnitt (software/app) mellom våre Disease Control Priorities 3 (DCP3) analyser og brukarar av disse dataene (helseplanleggarar i Etiopia).

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Ole Frithjof Norheim ole.norheim@uib.no, Tlf: +47 55 58 61 45.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande utdanning.
  • Stillinga krever dobbelkompetanse på erfaring med spesifikk Global Burden of Disease (GBD) data, og tilrettelegging av utvalgt GBD data opp mot software/app ved bruk av statistisk programmering (R).
  • Det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 459 100 - 490 900). Løn er under justering. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 01.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Ole Frithjof Norheim

Telefon: +47 55 58 61 45.

E-post: ole.norheim@uib.no

Powered by Labrador CMS