Stilling:

Førstekonsulent (økonomi) vikariat

Søknadsfrist 8. juli 2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2 (K2) er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som førstekonsulent i 1 år frå tilsetjing, med moglegheit for forlenging. Stillinga vil inngå i ei gruppe med seks andre økonomar under leiing av administrasjonssjefen ved instituttet.

K2 er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet, og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) i Jones Lies veg 87. Instituttet har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå, og har viktige oppgåver i legeutdanning, mastergradutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin og farmasi.

K2 er eit stort og fagleg vidfemnande institutt med over tjue forskingsgrupper innan ei rekke medisinske fagområder. Instituttet forvaltar eit årleg budsjett på om lag 190 millionar kroner, fordelt på om lag 90 millionar over grunntildelinga og om lag 100 millionar frå eksterne finansieringskjelder særleg Norges Forskningsråd, EU, Kreftforeningen og stiftelsar. K2 har ein stor prosjektportefølje og over halvparten av dei vitskaplege stillingane er dekka gjennom eksternt finansierte tidsavgrensa forskingsprosjekt.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Økonomikoordinator Siv Johnsen Eggereide, Klinisk Institutt 2, telefon 55 97 72 39, epost: siv.eggereide@uib.no eller
  • Administrasjonssjef Julie Stavnes, Klinisk Institutt 2, telefon 55 97 29 58, epost: julie.stavnes@uib.no

Arbeidsoppgåver:

  • utforming og oppfølging av budsjett i FoU-prosjekt
  • utforming og oppfølging av instituttets budsjett og rekneskap
  • økonomirapportering til prosjektleiar og økonomikoordinator
  • oppfølging av økonomiske midlar
  • oversikt over større innkjøp og anbod
  • budsjettering av og støtte til større prosjektsøknadar
  • administrativ støtte til instituttet og prosjektleiar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha økonomisk utdanning med minst bachelorgrad. For interne søkjarar kan lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring frå privat verksemd og / eller offentleg sektor er eit krav
  • god rekneskapsforståing og administrativ IT-kompetanse, spesielt Excel, er eit ønskje
  • kjennskap til prosjektadministrasjon, samt erfaring frå offentleg forvaltning er eit ønske
  • erfaring i bruk av Oracle Financial og Basware er eit ønskje
  • evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta ansvar
  • god evne til å samarbeide og gode analytiske evner
  • service - og løysningsorientert
  • god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit spanande forskingsmiljø
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon
  • nettverk for økonomikonsulentar som bidreg til fagleg utvikling
  • stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 421 700 – 464 800) For særs kvalifisert søkjar kan høgre løn vurderast. Løn er under justering
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Søknadsfrist: 08.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Siv Johnsen Eggereide (Økonomikoordinator)

Telefon: 55 97 72 39

E-post: siv.eggereide@uib.no

Kontakt 2: Julie Stavnes (Administrasjonssjef)

Telefon: 55 97 29 58

E-post: julie.stavnes@uib.no

Powered by Labrador CMS