Stilling:

Forskar ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 15.07.2018

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Using multidimensional integration of biological systems to unravel the pathogenesis of Parkinson’s disease», finansiert av Bergens Forskningsstiftelse (BFS) og Norges forskningsråd (NFR). Prosjektet har ei førebels finansiering på tre (3) år.

Om instituttet/prosjekt/arbeidsoppgåver

Parkinson sjukdom er en hovudårsak til død og invaliditet og har en ein global sosioøkonomisk effekt. Den rammar ~2 % av befolkninga over 65 år og prevalensen aukar dramatisk med alderen til 4 % av alle over 85 år.

Trass i to hundreår med vitskapleg strev, held dei molekylære mekanismane til Parkinson sjukdom fram med å vere ukjende. Reduksjonistiske tilnærmingar, som fokuserer på enkeltfaktorar, har ikkje avdekka sjukdomsmekanismar som kan verte mål for terapiar. Difor, utan nokon forståing for dei bakanforliggande prosessane for start og progresjon av sjukdommen, er vi ikkje i stand til å utvikle effektive terapiar og pasientane konfronterer ei framtid med aukande invaliditet og tidleg død. Målet med dette prosjektet er å dechiffrera den molekylære patogenesen til Parkinson sjukdom ved å bruke ei holistisk tilnærming for å integrera genomisk, miljø og klinisk informasjon i ein samla modell.

Kandidaten kjem til å jobbe i eit fullfinansiert og godt strukturert prosjekt som brukar og utviklar innovative bioinformatiske analysar av genomiske og epigenomiske data frå pasienthjernevev for å belyse nye underliggande molekylære nettverk i sjukdommens patogenese og progresjon. Hovudoppgåver vil inkludere å utvikle og applisere integrative analysar av store datasett inkludert heilgenomsekvensering, heil DNA-metylome, ChIP-sekvensering av diverse mål, RNA sekvensering og proteomikk data.

Kandidaten vil arbeide tett med PI og ein seniorforskar innan bioinformatikk som har den naudsynte kompetansen og vil rettleie kandidaten «hands-on». TSNA-gruppa inkluderer både klinikarar og grunnforskarar vigd til studiet av nevrogenerative sjukdommar. Vi har velutrusta laboratorieanlegg og full tilgang til bioinformatikklaboratoria med toppmoderne analyseverktøy. Vi har og tilgang til eit bredt spekter av universitetsplattformer som dekker mikroskopi, metabolomikk, transkriptomikk og proteomikk.

Kandidaten vil jobbe mellom TSNA lab og Computational Biology Unit (CBU) ved Universitetet i Bergen, og kjem til å ha ein fast arbeidsstad på begge stadar.

TSNA-gruppa har 15 medlemmer, inkludert klinikarar, molekylærbiologar og eit dedikert team av computational researchers som er dedikert til studie av menneskealdring og neurodegenerative lidingar. Vi har velutstyrte laboratoriefasilitetar og eit toppmoderne computational cluster og analyseverktøy.

CBU er eit ledande senter for bioinformatikk som spenner over grunnforsking og anvendt forsking. CBU er organisert i fem forskingsgrupper med over 40 tilsette. Jonassen-gruppa har 13 medlemmer som arbeider med utvikling og bruk av avanserte bioinformatikkmetodar for analyse av genomiske data. CBU koordinerer ein nasjonal forskingsinfrastruktur for bioinformatikk og har god tilgang til lagring og berekningsfasilitetar.

Kandidaten vil samarbeide direkte med eit svært konkurransedyktig og stimulerande forskingsmiljø, inkludert nevrologar, patologar, genetikarar og bioinformatikkarar. Denne stillinga er ideell for kandidatar som er interessert i translasjonsforsking innan aldring og nevrodegenerasjon. Denne stillinga vil gje høve for karriereutvikling og vekst.

Kontaktpersonar

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Dr Charalampos Tzoulis, tlf.: 55 97 50 58 eller 55 97 50 45, epost: Charalampos.Tzoulis@uib.no eller
  • Inge Jonassen, tlf.: 55 58 47 13, epost: Inge.Jonassen@uib.no

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi leter etter ein talentfull og ambisiøs forskar som har ein relevant ph.d-grad i bioinformatikk, informatikk, molekylærbiologi eller liknande disiplinar

Følgjande kvalifikasjonar er obligatoriske:

  • betydeleg formell trening innan bioinformatikk
  • bakgrunn innan programmering og software utvikling, helst inkludert bruk av R og python
  • dokumentert kompetanse og erfaring i computational analyser av omics-data, inkludert integrative analyser og nettverksbiologi
  • fluency i Unix-baserte miljø
  • kunnskap om grunnleggjande molekylærbiologi og genomikk
  • flytande i munnleg og skriftleg engelsk

Følgjande kvalifikasjonar er ønskjelege og vil verte prioritert:

  • kunnskap i informatikk, spesielt maskinlæring og algoritmar, og i statistikk
  • ekspertise i integrative omics dataanalyser på post-ph.d. nivå, dokumentert ved relevante publikasjonar
  • første-, andre- eller sisteforfattarskap i relevante publikasjonar
  • erfaring med metodeutvikling for omics dataanalyse og integrasjon
  • erfaring med analyse av kromatinmodifikasjonsdata, inkludert: ChIPseq, ATACseq og Hi-C

Personlege eigenskapar

Følgjande personlege eigenskapar er ønskjelege og vil verte prioritert:

  • høg vitskapleg ambisjon, vilje og ønskje om innovasjon og innverknad
  • kunne arbeide sjølvstendig og i grupper
  • vere motivert og ansvarsmedviten
  • ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • ha motivasjon for interdisiplinært arbeid og evne til effektiv kommunikasjon på tvers av vitskapelege felt

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk ph.d. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om godkjenning frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga.

Vi kan tilby

  • eit framifrå arbeidsmiljø i forskingsfronten innan neuromics og nevrodegenerasjon
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 515 200 - 544 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Løn er under justering. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftane skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «Søk på jobben».

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Søknadsfrist: 15.07.2018

Web: www.uib.no

Kontakt: Dr Charalampos Tzoulis

Telefon: 55 97 50 58 eller 55 97 50 45

E-post: Charalampos.Tzoulis@uib.no

Kontakt 2: Inge Jonassen

Telefon: 55 58 47 13

E-post: Inge.Jonassen@uib.no

Powered by Labrador CMS