Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent (ARENA Senter for europaforsking)

Søknadsfrist 03.12.2018

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


ARENA Senter for europaforsking er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikla miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt. ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskarnettverk og prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og EU sitt Horisont 2020-program. Sjå våre nettsider for meir informasjon om dei ulike fagfelta ARENA forskar på.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

ARENA Senter for europaforsking har ledig ei midlertidig stilling som førstekonsulent (SKO 1408). Stillinga varer ut juli 2020 med moglegheit for forlenging og er ledig omgåande. Stillinga inngår i senteret sin administrasjon som per i dag er på 6 personar. Administrativ leiar ved ARENA er næraste overordna.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og rapportering av prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og mindre prosjekt og nettverk finansiert mellom anna frå Erasmus-programmet til EU,
  • Ansvar for registrering og rapportering av publikasjonar, samt einingas superbrukar for det nasjonale forskingsinformasjonssystemet CRIStin,
  • Drift av senteret sine eigne publikasjonsseriar (working papers og rapportar), samt ansvar for det redaksjonelle knytt til desse seriane (formatering, språkvask, redigering, publisering),
  • Ansvar for førstelinje og generelle førespurnader,
  • Administrere ARENA si ordning med studentstipend,
  • Oppfølging av gjesteforskarar .

Andre administrative oppgåver kan kome til, og ansvarsfordelinga i administrasjonen kan gjennomgå endringar i tråd med utviklinga av senteret.

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga krev relevant utdanning på bachelornivå eller høgre, fortrinnsvis innanfor samfunnsfag og senteret sine fagfelt. Dokumentert relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Vi føreset at du har kunnskap om eller utdanning innan dei faglege tema det vert forska på ved ARENA. Du bør ha grunnleggande kunnskap om EU og gjerne ei særskild interesse for forsking på europeisk integrasjon og Den europeiske union.
  • Gode kunnskapar i arbeidsspråka ved ARENA, både norsk og engelsk.
  • Erfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene.
  • Særs god kjennskap til tekstredigering (Word etc.) og gjerne erfaring med produksjon av rapportar på nett og på trykk.
  • Gode IT-kunnskapar er ei føremon.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Tek ansvar, og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt,
  • Er grundig og kvalitetsmedveten, pålitelig og fleksibel,
  • Har gode samarbeidsevner,
  • Kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø.

Det vert lagt avgjerande vekt på at personen høver i stillinga.

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent (SKO 1408) mellom kr. 449 400 og kr. 505 800 pr. år, avhengig av erfaring og kompetanse,
  • Eit hyggeleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø,
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar,
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av motivasjon, relevant bakgrunn og erfaring,
  • CV,
  • Relevante vitnemål med karakterutskrifter,
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer).

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS