LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent på prosjekt om norsk som arvespråk

Søknadsfrist: 20.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent. Stillinga er 20 % i ett år, med moglegheit for forlenging. Oppstart etter avtale.

Prosjektet Norwegian across the Americas handlar om dei strukturelle eigenskapane (morfosyntaksen) i norsk som arvespråk. Eit arvespråk blir tileigna i heimen som førstespråk, men er ikkje det dominante språket i det større (nasjonale) språksamfunnet. Dei siste åra har norsken som blir snakka i Nord-Amerika (USA/Canada) fått mykje merksemd. I prosjektet Norwegian across the Americas er ei av hovudmålsettingane å utvide forskinga på norsk som arvespråk til eit område der kontaktspråket ikkje er engelsk, nemleg land i Latin-Amerika der kontaktspråket er spansk. Til dette arbeidet søkjer vi ein vitskapleg assistent.

Arbeidstida blir organisert etter avtale med prosjektleiar og kan variere med behova i prosjektet.

Meir informasjon om prosjektet her.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver i samband med datainnsamling
  • Datahandtering (til dømes filbehandling)
  • Analyse av innsamla data
  • Praktiske/organisatoriske oppgåver
  • Andre oppgåver i prosjektet etter avtale

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Studiepoeng i språkfag (særleg nordisk språkvitskap, lingvistikk og/eller spansk er relevant); gjerne ferdig bachelorgrad og påbyrja mastergrad
  • Svært gode norskkunnskapar
  • Gode spanskkunnskapar
  • Gode engelskkunnskapar, sidan prosjektet er internasjonalt
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon
  • Interesse for grammatikk (morfologi/syntaks) og personleg motivasjon for stillinga
  • Du må vere fleksibel
  • Vi ønsker fortrinnsvis nokon med relevant erfaring

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø  
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, kr. 467 900 brutto per år for full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, kr. 407 500 brutto per år for full stilling) og lønssteg 35 for dei utan fullført grad (kode 1018/LR02, kr. 372 800 brutto per år for full stilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse  
  • Stilling i ei IA-verksemd (Inkluderande arbeidsliv)  
  • Gode velferdsordningar  

Søknaden skal innehalde:

  • Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar
  • CV
  • Utskrift og vitnemål som dokumenterer høgare utdanning  
  • Relevante stadfestingar og attestar

Søknaden og vedlegg med stadfeste omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller Pdf-format.  

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida, og må skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet.

Generell informasjon:

Spørsmål kan rettast til prosjektleiar Kari Kinn, kari.kinn@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord, anders.fagerjord@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS