Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitenskapelig assistent til utvikling av Kompetanse for kvalitet (tyskfaget) - 20 % (mellombels)

Søknadsfrist: 22.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig 20 prosent stilling som vitskapleg assistent frå 15. januar 2020 til 14. juli 2020. Stillinga er knytt til utvikling av eit tysk-tilbod innanfor programmet Kompetanse for kvalitet.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjuefem ph.d.-stipendiatar, fem postdoktorar, ti administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Kompetanse for kvalitet

Kompetanse for kvalitet (Kfk) er eit vidareutdanningsprogram for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule. Programmet er finansiert av Utdanningsdirektoratet, og kurstilboda blir gitt av ulike universitet og høgskular. Institutt for framandspråk tilbyd frå før kurs i spansk språk og latinamerikastudium, og har no fått støtte til å utvikle nye tilbod i faga fransk og tysk. Dei nye kursa skal utviklast i 2020, og dei første studentane tek til hausten 2020. Undervisninga skal leggjast opp som fjernundervisning utan fysiske samlingar.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, skal delta i utviklinga av to nye vidareutdanningsemne på tyskfaget (15 studiepoeng kvar). Emna skal gje ei innføring i tysk språk, tyskdidaktikk, tyskspråkleg kultur og litteratur. Ei gruppe tilsette frå tyskfaget og Institutt for framandspråk skal utvikle det nye tilbodet i samarbeid med andre avdelingar ved UiB og eventuelt eksterne. Studieplan skal lagast, undervisningsopplegg utviklast og pensum veljast ut. Undervisninga vil vere nettbasert, og planen er å utvikle nye læremiddel som undervisningsfilmar og podkastar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk mastergrad (eller tilsvarande kompetanse) i tysk, helst med fagdidaktisk profil
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg tysk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
  • Erfaring frå tyskundervisning på ulike nivå
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og eventuelt utvikling av slike hjelpemiddel
  • Røynsle frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapeleg assistent (1020) i lønssteg 51-54, for tida 456 000 – 479 200 før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Åse Johnsen på telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no, eller til
  • Professor i tysk fagdidaktikk Åsta Haukås på telefon 55 58 24 88 eller e-post asta.haukas@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om vedkomande har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS