Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstelektor / Universitetslektor - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 30.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektor/Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi ynskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som førstelektor/universitetslektor (100 %) ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Vikariatet er for eitt år, med oppstart tidleg i januar 2020.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå: http://www.uib.no/admorg.

Vi søkjer etter ein som kan bidra i undervisning- og rettleiingsaktivitetar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Vi vil leggje vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna for stillinga.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervisningsarbeid på bachelor- og masternivå. Den som vert tilsett må kunne undervise på et grunnleggande nivå innanfor ei bredde av instituttets faglege profil og undervisningstilbod
  • Rettleiing av bachelor- og masterstudentar
  • Eksamensarbeid
  • Deltaking i andre oppgåver knytt til instituttet sin undervisningsverksamd

Den som vert tilsett vil og få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forsking- og utviklingsarbeid).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett som førstelektor må:

  • ha doktorgrad innan administrasjon- og organisasjonsvitskap eller eit anna statsvitskapleg fag
  • ha fagleg kunnskap på dei felta som utlysinga dekkjer
  • kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar med doktorgrad vil det vere aktuelt med tilsetjing som universitetslektor. Kravet for universitetslektor er mastergrad i eit statsvitskapleg fag.

Det vil være eit føremon med undervisningserfaring på bachelor – og masternivå, samt pedagogisk og/eller fagdidaktisk utdanning. Engasjement for undervisning og om ein er personleg egna for stillinga vil bli tillagt vekt.

Dette vikariatet vil gje ein solid undervisningserfaring for personar interessert i ei vidare karriere innan akademia.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Årsløn for førstelektor er 64 - 68 (kode 1198/LR24 i statens regulativ) tilsvarande NOK 573 100 – 615 900. Årsløn for universitetslektor er 53 – 57 tilsvarande 472 000 – 504 700 (kode 1009/LR25 i statens regulativ). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil tre vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, inklusiv eventuell doktoravhandling.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i www.Jobbnorge.no.

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju. Det kan verte aktuelt å prøva undervisningskompetansen.

Søknaden skal merkast: 19/22871

Søknadsfrist er 30. september 2019

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, Jacob Aars, jacob.aars@uib.no, tlf. 55582045

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, beathe.moldestad@uib.no, tlf. 55589056.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS