LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskaplege assistentar ved DIGSSCORE - Institutt for politikk og forvaltning

Søknadsfrist: 17.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent x 2

Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling og ei 20% stilling som vitskapleg assistent tilknytt Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap (DIGSSCORE). Oppstart snarast.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Vitskaplege assistentar knytt til DIGSSCORE vert oppmoda til å utvikle eigne doktorgradsprosjekt. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

DIGSSCORE er ein infrastruktur som driftar Norsk medborgerpanel og Medborgerlaben. I Norsk medborgerpanel har forskarar stilt spørsmål til eit tilfeldig utval av befolkninga fleire gongar i året sidan 2013. Infrastrukturen er under utviding til fleire onlinepanel. DIGSSCORE har òg ansvar for den norske datainnsamlinga av European Social Survey (ESS).

Infrastrukturen bidrar til å gje kunnskapsgrunnlag for å møte fleire av dei store samfunnsutfordringane, som til dømes klima, inkludering og menneskerettar, samfunnstryggleik, og helse. DIGSSCORE ligg ved Institutt for politikk og forvalting på SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering og tilrettelegging for Norsk medborgerpanel og andre sub-populasjonspanel.
  • Koordinering og tilrettelegging for eksperiment gjennomført i Medborgerlaben.
  • Bearbeiding og analyse av data samla inn ved DIGSSCORE.
  • Bearbeiding og analyse av data samla inn i European Social Survey (ESS).
  • Pilotering av undersøkingar gjennomført ved DIGSSCORE.
  • Bidra til formidling av resultat frå DIGSSCORE sine undersøkingar.
  • Oppdateringar på sosiale media og internettsider.
  • Tilrettelegging for fagleg aktivitet, møte, og prosjektarbeid.
  • Anna prosjektarbeid for DIGSSCORE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad, eller forventa mastergrad haust 2022, i statsvitskap, psykologi eller anna samfunnsvitskapleg fag. For 20%-stillinga kan oppnådd bachelorgrad halde.
  • Særleg gode ferdigheiter innan data-analyse og framstilling er ønskjeleg.
  • Kjennskap til statistikkprogram (t.d. R og Stata) er eit krav.
  • Gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Kjennskap til programvare til bruk i lab, t.d. Qualtrics, z-Tree eller Inquisit, er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Gode munnlege og skriftlege formidlingsevner.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Motivasjon til å samarbeide fleirfagleg og på ulike prosjekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som vitskapleg assistent i kode 1020, for tida NOK 480000,- brutto for kandidatar med avlagt mastergrad. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Løn som vitskapleg assistent i kode 1019, for tida NOK 385000,- brutto for kandidatar med bachelorgrad.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknadsbrevet skal skildre motivasjon og bakgrunn for stillinga og evt. indikere ambisjonar og tematikk for eiga doktorgradsavhandling i framtida. Søknadsbrevet med CV, vitnemål, abstrakt frå masteroppgåva og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida: ”Søk på jobben”. Noter i søknaden om du er interessert i 20% eller 100%.

Søknadsfrist: 17.10.2022

Søknaden skal merkast 22/14612

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS