LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 06.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei eller fleire stillingar som vitskapleg assistent på timebasis. Det vil variere kor mange timar arbeid det vil vere igjennom året, det kan vere enkelte månadar utan arbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på 1 år med moglegheit for 1 års forlenging, knytt til Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning (SPILLFORSK). Planlagt oppstart for stillinga/stillingane er august/september 2022. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre datainnsamling, litteratursøk, utarbeide prosjektplanar, skrive artiklar, bidra med forskingsstøtte m.m.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha påbegynt bachelorgrad/profesjonsstudium i psykologi
  • Søkjaren må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i norsk av di datamateriale er på norsk
  • Søkjar må kunne gjennomføre jobben i Norge/Bergen
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå tidlegare forskingsarbeid

Om stillinga som vitskapleg assistent

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Me gjer merksam på at i henhold til «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat» vert denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og at samla tilsettingstid som vitskapleg assistent ikkje kan overstige to år.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som vitenskapeleg assistent (kode 1019/1020) etter lønssteg 35 - 50 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 383 200 - 471 300 (i 100 % stilling).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad
  • CV med kopi av eventuelle skriftlege arbeid
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Ståle Pallesen, Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, Staale.Pallesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS