Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent ved DIGSSCORE

Søknadsfrist: 15.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap (DIGSSCORE) ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år med høve for forlenging. Oppstart snarast.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Vitskaplege assistentar knytt til DIGSSCORE vert oppmoda til å utvikla eigne doktorgradsprosjekt. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering og tilrettelegging for Norsk medborgerpanel og andre sub-populasjonspanel som inngår i forsøket med koordinerte online-panel hausten 2020, KODEM_DEMO. Det vil seie panel som består av folkevalde, journalistar og forvaltning.
  • Bearbeiding, og analyse av data samla inn ved DIGSSCORE.
  • Pilotering av undersøkingar gjennomført ved DIGSSCORE.
  • Førebuing av materiell til stands, plakatar, og medieoppslag.
  • Munnlege presentasjonar av DIGSSCORE i ulike samanhengar.
  • Oppdateringar på sosiale media og internettsider.
  • Tilrettelegging for fagleg aktivitet, møte, og prosjektarbeid ved DIGSSCORE.
  • Anna prosjektarbeid for DIGSSCORE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, eller forventa mastergrad sommaren 2020, i eitt av samfunnsfaga eller psykologi.
  • Særleg gode ferdigheiter innan data-analyse og framstilling.
  • Kjennskap til R og/eller STATA er eit krav.
  • Gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Kjennskap til programvare til bruk i lab slik som Qualtrics eller liknande er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode munnlege og skriftlege formidlingsevner er eit krav.
  • Gode samarbeidsevner er eit krav.
  • Motivasjon til å samarbeide fleirfagleg og på ulike prosjekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 35 - 42 ved tilsetjing (kode 1019) før oppnådd mastergrad. Personar med mastergrad vil bli løna i kode 1020, lønsteg 51. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

Søknadsbrevet skal skildre motivasjon og bakgrunn for stillinga og evt. indikera ambisjonar og tematikk for eiga doktorgradsavhandling i framtida. Søknadsbrevet med CV, vitnemål, abstrakt frå masteroppgåva og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida: ”Søk på jobben”.

Søknaden skal merkast 20/3680 og søknadsfristen er 15. april 2020

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS