LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent - Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapeleg assistent

Ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS), Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Universitetet i Bergen, er det ledig ei 80-100% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1,5-2 år med tiltenkt oppstart oktober 2022.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Defining and integrating essential NCD interventions in national health systems», som er finansiert av Norad med prosjektnummer RAF20/032.

Den vitenskapelege assistenten vil bli ein del av BCEPS, eit tverrfagleg og dynamisk forskingssenter ved Det medisinske fakultetet.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • oppgåver knytt til prosjektoppstart og tilrettelegging for stipendiatar og forskarar frå utlandet
  • oppfølging av vitskapelege publikasjonar, inkl. produksjon av policy briefs og anna vitskapeleg innhald som skal formidlast gjennom BCEPS sine etablerte kommunikasjonskanalar
  • formidling av pågåande prosjektaktivitetar og forskingsresultat gjennom BCEPS sine etablerte kommunikasjonskanalar
  • forskingsoppgåver knytt til pågåande prosjektaktivitetar (etter behov)
  • oppgåver knytt til organisering av vitskapelege arrangement
  • oppgåver knytt til rapportering av prosjektaktivitetar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • relevant kompetanse på masternivå, fortrinnsvis innan helsefag eller samfunnsvitskap
  • særs gode språkkunnskap i engelsk, munnleg og skriftleg
  • god IT – kompetanse

Ønskte kvalifikasjonar

  • erfaring frå administrativt arbeid som organisering av konferansar, seminar ol.
  • erfaring frå vitskapleg og populærvitskapleg formidling
  • erfaring med publisering og redigering på digitale flater

Personlege eigenskapar:

  • arbeide sjølvstendig og strukturert
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn som vitenskapelig assistent (kode 1020) fra 417 000-485 000 i fulltidsstilling, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknad skal skrivast på engelsk.
  • søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • orskingskoordinator Maria Sollohub (E-post: maria.sollohub@uib.no | tlf. 91585623)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS