LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent 100% i eit år ved Senter for klima og energiomstilling (CET)

Søknadsfrist: 20.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent 100% i eit år ved Senter for klima og energiomstilling (CET)

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent i 100% stilling i eit år. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Visionary nature-based actions for health, wellbeing & resilience in cities (VARCITIES)», som er finansiert av EU sitt Horisont 2020-program.

VARCITIES er eit tverrfagleg innovasjonsprosjekt med fokus på samarbeid mellom forsking og praksis. Det er sju europeiske pilotbyer i prosjektet, og Bergen er case studie gjennom sitt byutviklingsprosjekt ved Store Lunggårdsvann. CET ser på kva slags rolle medverking har i byutviklingsprosjekt, og korleis nyskapande medverkingsprosessar kan skape betre byutvikling. Vi har ansvar for en undersøking av ‘governance innovations’ i naturbaserte løysningar i fleire av pilotbyane.

Den vitskapelege assistenten vil utføre forsking i prosjektet, og samle inn data på tvers av de involverte pilotbyane. Ho eller han skal samle og drøfte datamaterialet i en rapport og bidra til ein eller fleir vitskaplege publikasjonar. Ho eller han vil bli ein del av CET, et tverrfagleg og dynamisk forskingssenter ved Det samfunnsvitskapeleg fakultet.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- or forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Kvalitativ datainnsamling
  • Deltaking i formidling av forskingsresultata
  • Enkelte administrativoppgåver i prosjektet og støttefunksjon til forskarar
  • Bidra til å rapportere frå prosjektet til oppdragsgjevar (EU)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i samfunnsvitskap eller tilsvarande (om ikkje oppgåva er levert, må søkarar ha plan om å levere dette semesteret og mastergraden må vere oppnådd før tilsetting)
  • Erfaring med kvalitative metodar er eit krav
  • Erfaring med forsking på klimatilpassing, planlegging, deltaking, offentleg forvaltning og berekraft er et føremon
  • Kunnskap, og interesse om klima, omstilling og kommunal forvaltning er ein føremon
  • Særs gode språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51. Dette utgjer for tida NOK 468 300,- brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida «Søk på jobben»

Søknadsfrist: 20. mai, 2022

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleder, professor Håvard Haarstad, e-post: [email protected] , 55 58 45 81 (kontor) og 93 44 77 27 (mobil)

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettes til Bodil Hægland, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS