Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 15.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent i digital kultur

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 20% stilling som vitskapleg assistent i digital kultur frå 1. november 2020 til 30. juni 2021.

LLE har kring 70 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette og kring 30 ph.d.-kandidatar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida fem innanfor faget digital kultur. I tillegg er det for tida fire stipendiatar og tre postdoktorar i disiplinen.

Arbeidsoppgåver:

Den som tek til i stillinga skal hjelpe til med eit bokprosjekt om strømming av film, fjernsyn, radio, musikk og bøker. Den viktigaste oppgåva blir å finne og lage ein katalog over aktuell forskingslitteratur. Det kan og komme på tale å kontakte informantar og transkribere intervju. Elles treng prosjektet hjelp med mange små oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk bachelorgrad eller tilsvarande innan digital kultur eller medievitskap. Det er ein føremon om søkjarane har starta på mastergrad.
  • Erfaring frå studiar av medieindustri er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapleg assistent i kode 1019 (med bachelorgrad) i lønssteg 42, for tida 398 400 og som vitskapleg assistent i kode 1020 (med mastergrad) i lønssteg 51, for tida 458 500, for full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelorgrad
  • Relevante attestar
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder Anders Fagerjord, anders.fagerjord@lle.uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS