LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitenskapelig assistent (undervisningsassistent)

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode for haustsemesteret 2021, med moglegheit for forlenging ut vårsemesteret 2022. Stillinga vil ha oppstart i august 2021. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver:

Haustsemesteret 2021 vil delar av vårt undervisningstilbod bli digitalt. Vi har derfor behov for undervisningsassistentar i fleire emne. Dette vil primært være knytt til dei store emna på bachelornivå, men det kan og være aktuelt å bidra på nokre emne på masternivå.

Undervisningsassistentane vil mellom anna ha følgjande oppgåver:

  • Assistere emneansvarlege ved digital undervisning
  • Delta i undervisning
  • Ha ansvar for ei eller fleire seminargrupper
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i administrasjon og organisasjonsvitskap, spesielt dei heilt ferske studentane
  • Andre undervisningsrelaterte oppgåver ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT – kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
  • Gode pedagogiske evner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1020), for tida NOK 458 900, ved tilsetjing. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. Søknadsfrist: 1. juni Søknaden skal merkast 21/6336.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS