Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Tannpleiar (80%, fast)

Søknadsfrist: 05.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannpleiar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, blir det oppretta ein 80% fast stilling som tannpleier med arbeidsplass for tida ved Seksjon for periodonti. Det kan bli aktuelt å dele stillingen. Stillinga er ledig frå 21. august 2020.Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar og einingar ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar behandling og oppfølging av institusjonen sine implantat- og periodontittpasientar, og klinisk oppfølging av pasientar knytt til studiar eller prosjekt. I tillegg kan det bli aktuelt med klinisk og teoretisk undervisning av studentar, administrative oppgåver og å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar ved tilsetjingsdato med minimum 2 års erfaring frå allmennpraksis og omfattande klinisk erfaring med både periodontalbehandling og implantatpasientar. Det vil bli lagt stor vekt på evne til sjølvstendig klinisk arbeid og personlege eigenskaper.

Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som instruktørtannpleiar etter lønssteg 42-53 etter tenesteansiennitet (kode 1533/1032 LR15). Dette utgjer for tida kr 397 100 – 472 000. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dagmar Fosså Bunæs: dagmar.bunes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS