Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Tannhelsesekretær (senterkoordinator) ved Ferdighetssenteret

Søknadsfrist: 19.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Tannhelsesekretær (senterkoordinator) ved Ferdighetssenteret

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei fast stilling (100 %) som tannhelsesekretær (senterkoordinator) ved Ferdighetssenteret.

Vi søker ein autorisert tannhelsesekretær med gode samarbeidsevner og som kan arbeide sjølvstendig. Vi ønsker ein kollega som er teknisk interessert, god til å bygge relasjonar, pliktoppfyllande og ansvarsmedviten. Oppgåvene i stillinga omfattar i hovudsak organisere og administrere undervisning og kursverksemd, men forsking og fagleg utvikling inngår også. Det kan derfor verte aktuelt med andre oppgåver i tillegg til tradisjonelle tannhelsesekretæroppgåver. Du kan gjerne vere nyutdanna, men det er ein fordel om du har erfaring med å jobbe innan oral protetikk/tannteknikk.

Hos oss vil du møte erfarne og dyktige kollegaer, og du får høve til fagleg utvikling. Det vert gitt individuelt tilpassa opplæring for stillinga.

I ferietid og ved behov kan det verte aktuelt å gjere teneste ved andre seksjonar.

Arbeidsoppgåver:

Ferdighetssenteret:

  • ansvar for førebuing og organisering av kurs, overvaking av utstyr og lokalar, sterilisere instrument, bestille varer, og assistere studentar, lærarpersonale og forskarar ved instituttet.

Tradisjonelle tannhelsesekretæroppgåver:

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver
  • bestille og oppbevare forbruksmaterialar
  • telefon/resepsjonsteneste
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring med oral protetikk/tannteknikk er ein fordel
  • kunnskap og erfaring med OPUS journalsystem er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
  • kunnskap om framstilling av skinner og diverse laboratoriearbeid er ønskeleg
  • du må vere nøyaktig og ha god oversikt over dine arbeidsoppgåver, og arbeide sjølvstendig og effektivt
  • du må vere fleksibel, kunne ta initiativ og vere ansvarsmedviten
  • du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og vere god til å bygge relasjonar. Mellommenneskelege eigenskapar er svært viktig i møte med studentar og kollegaer.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Lønssteg 40-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 386 200 – 408 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Det er særskilte ansvarsområder/oppgåver knytt til stillinga. Høgare løn kan vurderast for søkjarar med relevant arbeidserfaring
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kopi av autorisasjon, vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS