LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentrettleiar PASKON

Søknadsfrist: 30.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentrettleiar (vitenskapeleg assistent)

Det medisinske fakultet søkjer 20 motiverte studentar som ønskjer å vere rettleiarar for studentar i PASKON-faget i medisinstudiet. Ordninga går over delar av 2. semester.

”Pasientkontakt” (PASKON), er ein del av undervisninga av førsteårsstudentane på profesjonsstudiet i medisin. Dette kurset er ein tidleg start på å få meir profesjonsutvikling inn i utdanninga. I faget møter studentane pasientar allereie frå første semester, og skal forsøke å forstå korleis det er å vere sjuk. Kommunikasjonsevne, empati, innlevingssevne og profesjonalitet er kvalitetar som er viktig i arbeidet som lege, det er viktig å starte utviklinga av dette allereie tidleg i studiet. Dette krev god oppfølging og rettleiing! Til studieåret 2021/2022 er det behov for 20 eldre studentar.

Arbeidsoppgåver:

20 timar fordelt på:

  • rettleie 2 grupper (à ca. 5 studentar) i møte med 2 pasientar, og bistå med å lage presentasjonar gruppene skal ha for kullet sitt
  • lese og vurdere 2 refleksjonsnotat og ei oppgåve
  • delta på obligatorisk opplæring 7. og 21. september, frå kl. 17:00 - 19:00 (på zoom slik at det er mogleg å delta frå praksisstader også utanfor Bergen)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å søkje må du vere medisinstudent på 2. studieår eller eldre.

Vi søkjer deg som

  • reflektert
  • ivrig etter å dele kunnskap og erfaring
  • ha forståing for at eit første pasientmøte kan vere vanskeleg og skummelt
  • oppteken av pasientkommunikasjon og av kor viktig det er å sjå eit heilt menneske
  • oppteken av medisinsk profesjonalitet

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • stillinga er timeløna (inkludert opplæring/kurs, førebuingar og evaluering) som vit. ass. (kode 1019) i lønssteg 35. For kandidatar som kan vise til tilsvarande tilsetjing i tilsvarande stilling løn etter lønstrinn 37
  • du vil få attest etter fullført jobb

Søknaden skal innehalde:

Send søknad i form av eit motivasjonsbrev på maks ei side.

Generell informasjon:

Har du spørsmål?

Utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

  • Studiekoordinator Institutt for globale helse og samfunnsmedisin: Kirsti Nordstrand (kno034@uib.no , tlf. 55585449)
  • Medisinstudent, og studentkoordinator PASKON Solveig B. Løkhammer (qiy005@uib.no )

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS