LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentmentor (vitenskapeleg assistent) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 27.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentmentor (vitenskapeleg assistent)

Det medisinske fakultet søkjer 20 motiverte medisinstudentar på 2. og 3. studieår som ønskjer å vere mentor for studentar i den obligatoriske mentorordninga i profesjonssøyla i medisinstudiet. Ordninga går over 2 år.

Som studentmentor skal du saman med ein legementor rettleie ei gruppe på ca. 10 studentar.

Målet med ordninga er at:

  • mentorgruppa skal vere eit trygt sosialt rom kor studentane kan dele og tenkje gjennom erfaringar, spørsmål og dilemma som er opplevd viktige i studiekvardagen
  • mentorgruppa skal vere eit arbeidsfellesskap kor mentorar og studentar utforskar og reflekterer over legerolla og utviklinga av profesjonell medisinsk identitet

Arbeidsoppgåver:

  • 15 timar per år fordelt på 5 møter per år i 2 år. Møtene vil normalt gå føre på ettermiddag- og kveldstid
  • lese og vurdere eit refleksjonsnotat første haust

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å søkje må du vera student på følgjande studieprogram og kull ved Universitetet i Bergen:

  • medisinstudiet: kull 17, 18 og 19
  • erfaring som rettleiar er ein føremon

Vi søkjer deg som

  • reflektert
  • ivrig etter å dele kunnskap og erfaring
  • nysgjerrig på yngre studentar sine erfaringar og dilemma
  • ynskjer fagleg og personleg utfordring
  • ynskjer å blir kjent med, og samarbeide med ein legementor

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • stillinga er timeløna (inkludert opplæring/kurs, førebuingar og evaluering) som vit. ass. (kode 1019) i lønssteg 35. For kandidatar som kan vise til tilsetjing i tilsvarande stilling løn etter lønstrinn 37
  • du vil få attest etter fullført jobb
  • du får boka «Lytt». Denne er basispensum
  • opplæringsseminar og 2 tematiske seminar pr. år for mentorane i løpet av perioden

Søknaden skal innehalde:

Generell informasjon:

Har du spørsmål?

Utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

  • Koordinator for mentorordninga Kirsti Nordstrand (kirsti.nordstrand@uib.no, tlf 55585449)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS