LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentinstruktør - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 23.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentinstruktør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det 8 ledige stillingar som studentinstruktør i Medisinsk ferdighetssenter med tilsetjing frå semesterstart hausten 2021. Studentar frå kull 18 og 19 på medisinstudiet ved UIB kan søke. Gjennomsnittleg arbeidsmengde er 10-15 timer eller 2-3 ettermiddagar i månaden

Arbeidsoppgåver:

  • Organisere og drifte våre kurs
  • Organisere og drifte våre øvingslokaler og utstyr
  • Støtte UiB sin undervisning og kurs
  • Vidareutvikle og publisere innhald for nettsider og sosiale medier

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må vere student på medisinstudiet ved UIB, kull 18 eller 19

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har initiativ og kan jobbe sjølvstendig
  • har evne til å formidle
  • har erfaring frå kursverksemd, gjerne akuttmedisin men annan relevant kompetanse som skil deg ut og gjer deg til en ressurs, vil telle positivt

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagleg miljø
  • stillinga som instruktør vil kunne gje deg høve til å utvikla dine praktiske, faglege og sosiale eigenskapar
  • intern opplæring i å halde kurs innan akuttmedisin, småkirurgi og indremedisin.
  • stillinga vil også gje høve for den som har interesse for webdesign/filmredigering/data til å vidareutvikle digitale databaser, nettsider og produsere korte filmar knytt til prosedyrar.
  • tillinga er timeløna (inkludert opplæring/kurs, førebuingar og evaluering) som vit. ass. (kode 1019) i lønssteg 35. For kandidatar som kan vise til tilsvarande tilsetting i tilsvarande stilling vil det bli gitt løn etter lønstrinn 37

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS